Erhard Martin reagerer på at bebuararar på Ytre Skårhaug i Eid skal betale asfalt og gatelys sjølv.

I eit brev til Eid kommune viser han til at det er mange vegar i Eid kommune som har fått asfalt utan at det ligg i tomteprisen.

Martin meiner halvparten av vegen har vore asfaltert før, og lurer på når resten av vegen (mot vest) skal asfalterast.

– Det er meiningslaust å ikkje ta heile vegen med ein gong. Vi har to farlege avkjørsler på riksvegen frå før. Om den yste delen ikkje blir asfaltert, vil all trafikk gå innover, skriv han.

Erhard Martin lurer også på kvifor ikkje alle grunneigarar er invitert til å vere med på spleiselag.

– Det blei alltid sagt at vegen skal fungere som ein del av gang og sykkelveg mellom Haugen og Hjelle. Kvifor er ikkje vegvesenet med på spleiselaget? Og kva om det er nokon som ikkje vil vere med på spleiselaget? Korleis blir fordeling av kostnadar då? Og om det blir spleiselag, blir det då sett opp skilt om at vegen er stengt for «offentleg trafikk», spør Martin.

Han meiner også ein skal tenkje på om ein bør leggje prisen for asfaltering i framtidige tomter. No håper han at ein kan finne ei løysing som alle på Ytre Skårhaugen er fornøgde med.