Naboartil Bremanger Quarry i Bremanger har ifølgje NRK Sogn og Fjordane klaga på atbedrifta i påska lasta stein om bord i ein lastebåt.

Nabo til bedrifta, Trude Hessvik-Trøite, er oppgitt over at støy øydelapåskestemninga.

– Det er ikkje noko kjekt vere på ein plassmed flott sol og blikstille vatn, og så har du ein bakgrunnstøy som ikkjeskulle vore der, seier ho til NRK.no.

Ifølgje utsleppsløyvet har ikkje bedrifta lov til å laste stein påraude heilagdagar, dette på grunn av dei støyplanane det fører med seg.

Men på påskeaftan og 1. første påskedagvart det lasta ein båt full med stein, stikk i strid med løyvet fråFylkesmannen.

NRK har snakka med leiinga i Bremanger Quarry. Dei vil ikkje la segintervju, men avviser heller ikkje at dei braut støyreglane 1. påskedag.

Hos Fylkesmannen vil dei no sjå på hendinga. Gøsta Hagenlund vedmiljøvernavdelinga seier dei ser alvorleg på saka.

– Dette er heilt klart uakseptabelt.Avhengig av kor, når og behov vil vi måtte kunne reagere.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende