420 kV-linja frå Ørskog til Sogndal ventar no berre på sju mastepunkt i Myklebustdalen i Bremanger for å bli ferdigstilt.

Førre veke møttest Statnett/OED og Myklebust grunneigarlag igjen i retten. Denne gongen for igjen å avklare om Statnett skal få tilgang til eigedomane i Myklebustdalen.

Grunneigarlaget nektar statsselskapet tilgang, og meiner som før at det er gjort saksbehandlingsfeil i vedtaket til OED om at linja skal gå gjennom Myklebustdalen. For grunneigarane har saka blitt ei prinsippsak fordi dei meiner staten overkøyrer mannen i gata.

Forsyningstryggleiken

Kommunikasjonssjef region midt i Statnett, Martha Hagerup Nilson, fortel at det for deira del er viktig å formidle at dette handlar om forsyningstryggleiken til Midt-Norge og Sogn og Fjordane, og at dei er pålagde å følgje konsesjonsvedtaket.

– Grunneigarane har mulegheit til å få prøvd saka si for retten, og det aksepterer vi fullt ut. Vi må følgje dei konsesjonsvedtak som blir fatta, og alt arbeid i Myklebustdalen er utført i tråd med avgjerdene frå domstolane, forklarer Hagerup Nilson.

Reell trussel

Ifølge Hagerup Nilson er den svake kraftforsyningssituasjonen i Midt-Norge høgst reell.

– Krisa har vedvart sidan 2003. I Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal er energiunderskotet i eit normalår på sju terrawatt timar, tilsvararande energiforbruket til 400.000 einebustader gjennom eitt år. Den energien må vi hente andre stader, og vi må ha gode importårer inn for å demme opp for underskotet.

For Sogn og Fjordane sin del handlar det om manglande kapasitet i linjene.

– Den eksisterande 132 kV-linja har vore sentralnettet til no, men har sidan 2009 ikkje hatt kapasitet til å ta inn ny kraftproduksjon. Over 100 småkraftprosjekt står derfor på vent og det gir store konsekvensar for Sogn og Fjordane.

Statnett håpar no å ferdigstille Ørskog-Sogndal, alle delar utanom Myklebustdalen, i løpet av 2016.

– For dei sju mastepunkta i Myklebustdalen som vi ikkje har tilgang til avventar vi dommen frå Fjordane tingrett, avsluttar Martha Hagerup Nilson.