Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal, noterer med glede at Pelagia satsar i kommunen.

– Vi har jo visst om dette ei tid, men det er like fullt gledeleg å notere at det skjer, seier Osdal, som peikar på at næringslivet i Selje er blomstrande.

– Vi har Ervik Havfiske med spennande planar, Pelagia i Moldefjorden og mange fleire bedrifter som over lang tid har gjort ein stor innsats i fantastiske verksemder, seier ordføraren, som kan notere 20 nye heilårsarbeidsplassar.

Næringsklynge

Osdal peikar også på at dette er satsing i eit regionsperspektiv.

– Det er spennande å sjå Pelagia si satsing opp imot Nergård-etableringa. Store konsern som har ytre Nordfjord som satsingsområde. Ein kan trekke vekslar på kvarandre, og kanskje etablere ein næringsklynge som ønskjer å satse her ute.

Osdal har tidlegare uttala at det er mot næringslivet og eigen innsats ein må sjå for å skape vekst i distrikta.

– Dette er eit eksempel på det. Det er her veksten er, men vi må skape den sjølve.

Døropnar

– Det er det eg bruker aller mest tid på, kontakt med næringslivet og folk som ønskjer å skape noko. Eg og rådmannen gjorde tidleg ein avtale om at vi skulle ha ein slik arbeidsfordeling at han i ein periode jobbar internt og eg med dette, seier Osdal.

Han ser det som viktig at det finst folk som peikar på mulegheitene lokalt.

– Og det kan eg vere med på å gjere, men så er det næringslivet og innbygjarane sjølve som må skape, seier han, og strekar under at det allereie finst mykje slik gründerverksemd i Selje.

– Vi har eit spennande næringsliv med unike næringar som ikkje andre har. Vi har verdas største linereiar, omtrent den einaste produsenten av lystbåtar i Norge, ei bedrift som er europaleiande på DAB og Stadpipe som utkonkurrerer dei fleste på rør. Og det å vise desse fram og skryte av dei har verdi, avsluttar Osdal.