– Det store problemet er at saka om delt kommunesenter kom seint inn i prosessen (...). Det handlar om kva ein trur og meiner sikrar oss best i Måløy, og kva som kan hindre at vi blir tappa for funksjonar. Det er redselen vår at vi skal bli utarma og tappa om ein ikkje får nokre klare rammer på plass. Dette er den første prøvesteinen på korleis storebror vil oppføre seg overfor veslebror, sa Geir Oldeide (Raudt) frå talarstolen i møtet.

Støtta mindretalet

Bakgrunnen for at saka stod på agendaen i kommunestyret var usemje i fellesnemnda.

Eit fleirtal i fellesnemnda gjekk i punkt 4 i vedtaket inn for at «Organisering av den administrative verksemda i kommunen skal bygge på inten- sjonsavtalen sine sju strekpunkt slik dei framkommer i under overskrifta «Administrativt og fagleg» i kapittel 4». I avtalen som Flora og Vågsøy tidlegare i år vart einige om slo ein fast at det skal «etablerast éin administrasjon med desentraliserte rådhusfunksjonar».

Eit mindretal i nemnda beståande av Vågsøy-politikarane Rolf Domstein (H), Nils Myklebust (Sp) og florøværing Jacob Nødseth (Samlingslista), tok til orde for funksjonsdeling, slik at ein snarast fordelar arbeidsplassane på rådhusa mellom Måløy og Florø.

Dette var politikarane i Vågsøy samde i. Morten Hagen (H) fremja mindretalet si innstilling frå nemnda der det heiter at: «Administrasjonen skal kome med framlegg til fellesnemnda om korleis ein kan fordele funksjonar i sentralforvaltninga (kom-munalsjefar, fellesfunksjonar m.v.) mellom Florø og Måløy, jf. mellom anna kapittel 4 i intensjonsavtalen.». Dette vart samrøystes vedteke.

Ueinige i Florø og Måløy

I bystyret i Flora fekk Nødseth og mindretalet i fellesnemnda ifølge Firdaposten støtte frå Frank Willy Djuvik (Frp).

– Viss vi skal vere storebror her, så må vi vise den respekt for veslebroren at vi kan forsikre dei om at det også skal vere administrative leiarfunksjonar i Måløy. Eg trur vi står oss sterkt på å gå inn for framlegget, å sjå om det er mogleg å konkret lokalisere ulike funksjonar. Vi har eit ansvar for å vere rause ovanfor Vågsøy. Å vere tydelege på kva som skal ligge i Måløy, no og i framtida, sa Djuvik.

– Det var ulik stemmegiving i nemnda og at vi får ulike vedtak i kommunestyra er ikkje så overraskande. Men det er eit signal om at vi må ta diskusjonen på nytt, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Saka skal handsamast i fellesnemnda 21. november.

– Må samle seg

Fleire av representantane i kommunestyret i Vågsøy nytta talarstolen til å be sine representantar i fellesnemnda om å opptre som eit lag.

– Når nemnda i Vågsøy vart delt på midten i dei første forhandlingane, då blir eg jaggu skuffa. Det må gå an å snakkast og bli einige om noko på førehand, for dette er ikkje godt nok, sa Roger B. Silden (Ap).

– Eg og (Edvard) Iversen har fått kritikk for å stemme det vi gjorde i fellesnemnda. Vi hadde ein lang diskusjon, og eg og Iversen stemte for det vi meinte var best for Vågsøy. Det står eg for, svarte Maurstad.