– Prosjektet er «gryteklart», og det at det er stortingsval i år er også positivt for prosjektet. Samferdsle har vist seg å vere ein prioritet frå regjeringa si side, og vi har ein samferdsleminister som er utolmodig og vil ha prosjekt realisert, seier Paulsen Humborstad.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) (i midten) meiner tidleg 2020-tal bør vere eit god mål for når tunnelen kan opnast. Her saman med Ottar Nygård (t.v.) og Rolf Domstein. Arkiv

Førre veke møtte prosjektleiaren Frp-fraksjonen i transportkomiteen og fleire sentrale stortingspolitikarar frå Høgre.

– Det var veldig gode møter med begge regjeringspartia, som sender positive signal om at dei ønskjer å prioritere Stad skipstunnel, samanfattar leiaren.

Rulleringa av Nasjonal transportplan (NTP) skjer til våren, og stortingsmeldinga frå regjeringa kjem før påske.

I november leverte Kystverket eit teknisk forprosjekt og tidlegare denne månaden leverte dei reguleringsplan og konsekvensutgreiing til Selje kommune.

– Kystverket har vore tydlege på at tunnelen bør byggast, trass i at modellane dei bruker ikkje viser at den er samfunnsøkonomisk lønsam, seier Paulsen Humborstad, som ber om eit møte med statssekretæren i samferdselsdepartementet.

– Kystverket erkjenner at modellane ikkje er gode nok, og tilrår bygging av Stad skipstunnel. Dei grunngir dette med at dei ikkje-målbare gevinstane ved skipstunnelen overstig dei kronesette kostnadene. Kystverket skal jobbe vidare med å konkretisere effektane av skipstunnelen før samferdselsdepartementet får den endelege versjonen i forprosjektet innan mai 2017.