Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), meiner kommunen har lukkast med integreringa av flyktningar.

– Dei som har kome til oss har blitt godt integrert, og vi har styrt integreringa godt. Vi trur det er viktig med tryggleik og grensesetting, og det har vist seg å fungere veldig godt. Eg trur kommunen har gjort mykje rett, seier Landsverk Sande.

Flyktningane som har kome til Vanylven kjem stort sett frå Afghanistan. Ordføraren vektlegg innbyggjarane sin innsats som ein av faktorane for at dei har lukkast med integreringa.

Alle flyktningane som er komne til Vanylven er i språkpraksis. Landsverk Sande trekk fram kommunelegen som ein som har bidrege stort.

– Han snakkar afghansk og har stilt opp frå dag ein. Mange som kjem hit slit gjerne med traume eller liknande, og han har vore uvurderleg både i dei situasjonane, men også i det daglege.