Politiet skal avhøyre fleire vitner i saka der ein person vart lettare skadd etter å blitt knivstukken i eit privat husvære i Vanylven kommune.

– Status er den at vi har ein person som er mistenkt og ein som er fornærma. Det gjenstår å avhøyre fleire vitner og litt etterforskning i saka, fortel lensmann i Vanylven, Tor Sæther.

Den mistenkte gjerningsmannen vil ikkje bli framstilt for varetektsfengsling.

– Vi vurderer det slik at vilkåra for varetekt, nemleg at bevis kan bli øydelagt eller at det er overhengande fare for gjentaking, ikkje er til stades. Men eg vil streke under at politiet ser svært alvorleg på saka, seier Hvattum til avisa Synste Møre.