– Paraden startar ved Spiralen og skal gå gjennom Gate 1 bort til Bedehuset, før den svingar ned i Sjøgata og tilbake til eit forhåpentlegvis fullpakka torg, forklarar Kjell Oldeide, nestleiar i Nordfjord Havfiskeklubb.

På Torget blir det høgtideleg opningsseremoni med talar og flaggheising, samt kulturelle innslag.

Liv på sjø og land

Det er Nordfjord Havfiskeklubb som er arrangør av europameisterskapen og har ansvar for alt som er knytt til EM-deltakarane.

– Det er veldig ærefullt og spennande at vi som ein så ung klubb får eit slikt oppdrag. Vi er på sjette året i klubben si historie, og det er ikkje kvardagskost for oss å få eit EM, smiler Oldeide i havfiskeklubben.

– Vi i festivalen skal gjere alt som er kjekt. Vi har nokre fiskekonkurransar vi også, men vi skal konsentrere oss om å lage liv på landsida, fortel festivalsjef Sunniva Oldeide.

Ho lovar underhaldning for store og små kvar einaste dag.

– Vi køyrer på med underhaldning kvar dag frå rorbuscena på Torget i samband med innveginga, det blir barneaktivitetar kvar dag og vi har tre kveldstidsarrangement, forklarar ho.

På godt og vondt

Årets festival strekk seg over åtte dagar. Dette gir både utfordringar og moglegheiter for arrangørane.

Dette er det andre året ho leiar Måløy Havfiskefestival.

– Eg er veldig glad for at eg har med meg erfaringa frå i fjor. Det var med tanke på at det er EM i år at eg tok over allereie i fjor, seier Oldeide.