– Vi bygger stein på stein og utviklar festivalen år for år. Dette var sjebneåret, der vi verkeleg måtte utvide konseptet for å overleve. Det klarte vi med glans, og festivalen er komen for å bli.

Slik omtalar Sunniva Oldeide framtida til havfiskefestivalen ho er dagleg leiar for.

Sjå fleire bilde frå festivalen her.

– Årets festival blei ein endå større suksess enn tidlegare år. Vi måtte vekse for å halde på interessa blant folket og for å førebu oss på EM, og vi lukkast på alle plan. Det er sjølvsagt ting som kan forbetrast, men det er småting, seier ho.

Stolte over festivalen

Nytt av året var at det var varm matservering i rorbuteltet frå onsdag til laurdag og fleire kveldsarrangement same stad.

Sunniva Oldeide (t.h) og resten av arrangørane kan juble for ein strålande gjennomført havfiskefestival. – Dette gjekk over all forventning, seier Oldeide.

– Vi hadde ein omsetnad frå kjøkenet første dagen som vi aldri kunne ha sett for oss på førehand, og det steig kvar dag etter det. Folk stod og venta på at kjøkkenet skulle opne! Vi nådde også målet vårt om utselt telt laurdagskveld, seier Oldeide.

Festivalleiaren fortel om mange klapp på skuldra frå imponerte besøkande.

– Fleire kom til og med bort og sa dei meir enn gjerne vert med som frivillige neste år. Det verkar som at dei lokale er stolte av festivalen, og at den har fanga essensen av identiteten til Måløy og områda rundt.

Suksess å satse på borna

Oldeide påpeikar at den største suksessfaktoren var fokuset festivalen hadde på born.

– Vi er stolte av å kunne vere ein festival der småbarnsfamiliar kan delta kvar dag utan å tenke på økonomien, seier ho og viser til at all mat og alle aktivitetar var gratis for born.

I det maritimt pynta rorbuteltet var det middagsservering fire dagar i strekk, i tillegg til ulike arrangement på kveldane. – Det var full pågang alle dagar, fortel arrangørane.

– Då vêret i tillegg viste seg frå si beste side var festivalområdet eit paradis for barnefamiliar, seier Oldeide, og understrekar at dei ikkje kunne hatt same tilbodet utan støtte frå det lokale næringslivet.

– Festivalen er heilt avhengig av lokal støtte. Og lag og organisasjonar er viktige for oss.Ho trekk fram eit godt samarbeid med Redningsselskapet som var på plass alle dagar.

– Og ein annan grunn til suksessen er at vi har satsa meir på marknadsføring, og nådd ut til fleire enn før, avsluttar Oldeide.