Kunstnaren Oddbjørn Bjørnnes Kvalheim har slått seg saman med Røde Kors for å samle inn pengar til Filippinane.

Laurdag skal dei lodde ut og auksjonere bort bilete og gåver frå næringslivet på kafeen Madame Rouge på Bryggja.

– Vi er ikkje ein kjempestor organisasjon i Vågsøy, og dermed får vi ikkje gjort alt aleine. Med ein gong eldsjeler som Kvalheim tar initiativ, er det klart vi ønskjer å vere med, fortel Eli Blålid, lokalleiar for Røde Kors i Vågsøy.

Saman sel dei lodd, der både maleri frå Kvalheim og gåver frå næringslivet, vil det først bli lodda ut gevinstar før bilete blir auksjonert vekk. Alt overskot går direkte til Røde Kors, som igjen sendar pengane til Filippinane.

– Eg snakka med Stine Opheim, som driv Madame Rouge, om vi kanskje skulle hatt ein kunstauksjon saman. Sjølv har eg vore i Filippinane på båt, blant anna i Cebu, som vart hardast ramma, fortel Kvalheim.

Med det bestemte han seg for at auksjonane måtte gå til å hjelpe Filippinane etter tyfonen og tok straks kontakt med Røde Kors.

– Etter ønskje frå Kvalheim, vil pengane gå direkte til Cebu, fortel Blålid.

No håpar dei folk ønskjer å støtte.

– Vi har også ein appell til næringslivet om at dei ikkje må gløyme katastrofen opp i juletida. Dei treng framleis hjelp, understrekar dei.

Pengane vil gå direkte til Cebu-distriktet, kor Kvalheim spesielt ønskjer at det skal hjelpe små born som har mista foreldra i tyfonen.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende