– Det er godt å endeleg kunne opne. Det har vore mykje å tenke på dei siste månadane. Eigentleg skulle det ha vore mykje meir nytt, men det kan vi ta etter kvart, seier Henriksson, og legg til:

– Dette har vore ein velfungerande butikk, så det handlar mykje om å vidareføre dette.

Karoline og Rasmus Færestrand var innom butikken for å sikre seg ei flyndre som skulle kokast til middag.

– Det bør heilt klart vere ein fiskebutikk i Måløy. Vi har vore innom her sidan butikken opna, fortel dei.

Stamkundane set stor pris på at dei kan få tak i fersk fisk i butikken.

– Det er ikkje alle som kan reise på sjøen for å fiske sjølve, så då er dette eit godt alternativ, for fisken er jo best når han er fersk. I tillegg må vi jo støtte opp om dei tilboda vi har her, slår Karoline og Rasmus fast.