Dalsbotten byrjar i jobben kommande måndag. Det melder firdaposten.no fredag.

Dalsbotten er opprinneleg frå Bremanger, men bur i dag i Førde. Ho var Frp sin listetopp i Sogn og Fjordane til valet i haust.

– Fiskeri- og havbruksnæringa er ei svært viktig næring for sysselsetting og verdiskaping i Noreg. Sjømatnæringa leverer i dag sjømat til forbrukarar i meir enn 130 land og verdien av norsk sjømateksport har nådd rekordhøgder. Derfor er det så utruleg spennande og eg ser fram til å få jobbe med Per Sandberg både som fiskeriminister og som nestleiar i Frp, seier Britt Dalsbotten til Firdaposten.

Tilsettinga kan mellom anna være godt nytt for hummarfiskarane i Bremanger som har vore svært kritiske til taretrålinga i Bremangerpollen. Dette sa nemleg Dalsbotten til Fjordenes Tidende tidlegare denne månaden:

– Eg har full forståing for den frustrasjonen som er der ute no. Å starte på eit slikt tidspunkt at ein øydelegg heile hummarsesongen er ikkje akseptabelt. For meg verkar det som dei gjer det på rein faenskap.

Britt Dalsbotten tek over etter Veronica Pedersen Åsheim, som i dag vart utnemnt til statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.