Etter at dei tilsette i Vanylven brann og redning sende eit brev til brannsjefen der dei fortel at dei kjenner seg usikre i jobbane sine, tar no brannsjefen og kommunen grep.

– Det kom inn eit brev til brannsjefen der det vart peika på ulike forhold som gjorde at dei tilsette i Vanylven brann og redning kjende seg usikre i jobben sin. I brevet bad dei om eit møte. Det møtet har vi no hatt og vi har saman gått gjennom alle punkta på lista, og gjort det som er mogleg å gjere for å betre situasjonen per i dag, seier brannsjef i Vanylven, Magne Lundehaug.

Han seier også at ein del punkt må jobbast vidare med og at han set stor pris på at mannskapa er engasjerte, viser interesse for brannkorpset og ønskjer at alle aktivitetar skal gå føre seg i tryggande former.

Eit kjent problem

Det som blei peika på som mest alvorleg frå dei tilsette var organisering av befalsvakta.

– Ein av fire som har denne vakta i dag har ikkje noko utdanning eller erfaring i brannvesenet, og er heller ikkje med i brannvernet. Vi aksepterer ikkje at det vert sett inn personell i befalsvakta som ikkje har den nødvendige kompetansen. Vi føler då at vi ikkje blir tatt seriøst, skriv dei tilsette.

– Vi har varsla oppseiing av fellesavtalen. Alternativet slik vi ser det er to vaktordningar. Det blir peika på mange punkt i brevet, og problemstillingane har vore kjent for oss. Vi må løyse eitt og eitt punkt, så trur eg vi skal kome i mål. Ordninga med brannvesenet i Vanylven er stort sett frivillig, så det er viktig at vi viser at vi set pris på det dei gjer, understrekar Nørve.

Skapar utfordringar

Dei tilsette peikar også på rekruttering i brevet.

– Situasjonen på beredskapen på dagtid er dårleg. Snittalderen på mannskapet generelt er høg, og vi ønskjer at det blir jobba aktivt med rekruttering, skriv dei.

– Det har ikkje vore så mykje mannskapsutskifting. Litt av utfordringa er at mange pendlar til arbeid utanfor kommunen og til Nordsjøen. Det skaper utfordringar for oss, seier Lundehaug.

Tilsyn avdekka avvik

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) førte i haust tilsyn med brann- og redningsvesenet i Vanylven kommune. Under tilsynet vart det avdekka eit avvik på overordna innsatsleiing. Eit avvik blir av direktoratet definert som manglande etterleving av krav gitt i medhald av lov eller forskrift.

– Dette kan henge saman med ei manglande prioritering på å halde leiarøvingar, skriv DSB i tilsynsrapporten.

I tillegg vart det gitt ein merknad. Ein merknad er eit forhold som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på, men som ikkje omfattast av avvik.

– Brannsjefen har alle de tre leiarfunksjonane i brann- og redningsvesenet hos seg, og det bør då vere bevisstheit rundt at arbeidet innanfor kvar av dei tre leiarfunksjonane faktisk får den prioriteringa som krevst etter forskrifta, skriv DSB.

Vil ha større brannvesen

DSB skriv i sin tilsynsrapport at dei oppmodar Vanylven brann- og redning til å sjå på kva som kan vere ei naturleg organisering av eit større brann- og redningsvesen.

Samstundes minner DSB om at det krevst eit større brann- og redningsvesen for å trygge tenesta.

– DSB ser det som positivt at brann- og redningsvesenet deltar i brannsjefsmøtet for Søre Sunnmøre. Dette er ein viktig arena for erfaringsutveksling og øvingar. DSB minner likevel om at det krevst eit større brann- og redningsvesen for å skape uthald og fagmiljø i denne tenesta. Det oppmodast derfor til å starte prosessen på lokalt og regionalt nivå i forhold til kva som vil vere ei naturleg organisering av eit større brann- og redningsvesen i dykkar region, skriv direktoratet.