Harpefossen skisenter har berre hatt ope i korte periodar denne sesongen. Men snøfallet forrige helg og full produksjon gjer at dei ser lyst på resten av sesongen.

– Økonomisk sett ligg vi frykteleg langt etter skjema. Vi fekk opna til planlagt dato, men så kom mildvêret og vi fekk ikkje produsert snø, fortel Stein Bjørhovde, som er styreleiar og dagleg leiar ved Harpefossen Skisenter.

Ved optimale vêrforhold skal dei klare å legge all den kunstsnøen dei treng i løpet av fire døgn, men heller ikkje det tekniske utstyret har spelt på lag denne vinteren. Både vasspumpa og snøkanonane har skapt utfordringar for drifta.

– Vi har berre produsert for halv kapasitet. Det er vanleg med litt utfordringar i den bransjen vi er i, men vi har hatt i overkant mykje, seier Bjørhovde.

Tar att det tapte

Trass i alle problema har dei no fått produsert for fullt og med svært gode resultat. I tillegg har det dei siste dagane kome mykje natursnø.

Han har likevel tru på at skiinteressa er til stades.

– Pris er ein faktor, og det har kanskje blitt litt for dyrt dei siste åra. Vi prøvar å justere oss etter dei andre skisentera i området. Prisnivået her ligg lågare enn på Austlandet, men vi har jo dei same kostnadane og kanskje vel så det, seier Bjørhovde.

Vil utbetre

Så langt i sesongen har ein hatt fokus på å opne skisenteret og kome i gang med aktivitetar, men også utvidings- og forbetringstiltak står på agendaen.

Løypene i skitrekk blir gradert etter kor vanskelege dei er. Frå grønt over til blått, raudt og svart. Harpefossen skisenter har per i dag berre grøne og raude løyper, som tenderar til svart.

– Vi manglar tilbod om naturleg progresjon for skikøyrarane. Vi er opptekne av å gje eit heilskapleg tilbod både med ulike aktivitetar og vanskegrad. Det er spesielt sistnemnde som har hengt litt dårleg saman her, fortel Bjørhovde.