Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) er både frustrert og provosert etter at han vart kjend med at tannlegekontoret i Selje vert foreslått nedlagt.

– Fylkeskommunen, staten og offentlege etatar plukkar stadig meir vekk frå små kommunar. Vi ser ei stadig nedbygging av tenester i distrikta som er skremmande, skriv Osdal i ein e-post.

– Det som er særskilt med denne tenesta er at det er barn, ungdom og eldre som er hovudbrukarane. Barn og ungdom går på skule i kommunen og vil med ei nedlegging ha minst ein times reisetid kvar veg frå skule til tannlege.

– Fylkeskommunen har bygd ned offentleg kommunikasjon på bygdene og vil no starte å byggje ned tenestene. Ein god måte å starte enda meir fråflytting frå grendene på, seier Osdal.

– Skal ein sikre robuste einingar kan ein organisere drifta på ein anna måte. Ein kan ha turnering av personell slik at ikkje ein tannlege er på ein stad heile tida. Uansett kor stor eininga er så vil brukarane oppleve å få kansellert avtaler viss tannlegen er sjuk eller indisponert. Så dette argumentet er berre tøv. Så robuste einingar er i denne samanheng berre eit skalkeskjul for å spare 11 millionar kroner. Denne saka vil eg som ordførar fylgje tett opp, lovar Osdal.

Det endelige vedtaket blir gjort i fylkestinget juni.