Eid Elveeigarlag rapporterer at det er teke om lag 650 kilo laks sidan laksefisket starta 1. juni i Eidselva.

Det er likt fordelt mellom storlaks og mellomlaks.

Det var særleg starten på sesongen som var god og at fisket har avtatt den siste tida, melder dei på sine facebooksider.

Det er rapportert om mykje fisk i fjorden, så laksefiskarane treng ein liten auke i vassføring i Eideelva for å få den ønska oppgangen.