– Desse DAB-greiene er ikkje berre av det gode. Det blir for dyrt for oss å vere med på. Vi har fem sendarar, som står på toppane rundt om i regionen, og skal vi skifte ut alle desse, blir det ein kostnad på om lag 500.000 kroner. Det blir for dyrt for ein liten nærradio. Det er kanskje gamaldags ikkje å prøve, seier redaktør John Roar Øien, som har vore med i Nordfjord Nærradio, som har base på Eid og Sandane, i 28 år.

Per dags dato er det ti frivillige som bidrar til å lage sendingar frå nærradioen på Eid og seks på Sandane. Til saman lagar dei om lag seks timar sending per veke, samt at dei sender enkelte program i reprise elles i veka.

Har fem år til på FM

Sløkkinga av FM-nettet er godt i gang over heile landet. 21. juni i år blir FM-nettet stengt for NRK i Sogn og Fjordane. For P4, Radio Norge og lokalradio er datoen 15. september. Men nærradioane har ein lenger tidshorisont å halde seg til. I første omgang vil 215 nærradioar halde fram med å sende på FM-nettet fram til 2022.

Nærradioen har ikkje tal på kor mange som høyrer på dei, men spaltar med innringing viser at lyttarane finn seg frå Bryggja og Davik til Byrkjelo.

– Vi hadde meir sendingar før, men no har vi bingo og fredagsunderhaldning kvar veke. I tillegg sender vi nokre reportasjar frå store hendingar, som til dømes hesteutstilling, opera og Malakoff, fortel Øien.

I november har Nordfjord Nærradio vore på lufta i 30 år, og Øien, som har vore med i 28 av desse åra, fortel at det er bingoen som sørgar for at dei kan drive radioen.

– Bingo er vel eigentleg ikkje radio, men for at vi skal ha økonomi til å drive, så må vi ha den, seier Øien, og legg til:

– Roar Antonsen styrer bingolistene, og det har han gjort i snart 30 år. Reidar Johnsen er styreformann og tek seg også av kasserarjobben. Ein stor takk til begge.

Kvar onsdag arrangerer Nordfjord Nærradio bingo. Dette er den viktigaste inntektskjelda for radioen. Her er Britt Mariann Myrold klar for å lese opp kveldens tal.

Ifølge Øien er Nordfjord Nærradio blant dei siste tre i fylket, saman med radioen i Gaupne og i Stryn.

Usikker på framtida

I tillegg til dei faste spaltene og reportasjar frå lokale arrangement har Øien i ei årrekke sendt direkterapportar frå kommunestyremøta i Eid, men dette kan det bli slutt på no når politikarane i kommunen har gått inn for at møta skal strøymast over internett.

– Det er jo greitt, tida er slik, og ein må finne seg i det. Men eg veit at det er mange, spesielt bønder som gjerne er ute og køyrer traktor eller liknande, som ikkje har høve til å sjå på ein skjerm, og då mister dei tilbodet sitt, fortset redaktøren.

Trass i konkurranse både frå DAB og internett, håpar Øien nærradioen kan halde fram med å sende underhaldning og opplysing ut til folk i regionen.

– Folk set seg ikkje ned for å høyre på radio, men det må ikkje bli slik at radioen blir bakgrunnsstøy. Radioen har blitt ein livsstil for meg, men eg forstår at viss det blir vanskeleg, så handlar det ikkje om livet. Vi tar eitt år av gangen.