I Florø måtte dei 70 passasjerane om bord i sørgåande hurtigrute, Lofoten, settast på land på grunn av det stinka fisk om bord i skipet, melder Firdaposten.

Passasjerane vart sendt vidare til Bergen med hurtigbåt.

Det skjedde tysdag morgon.

I Ålesund hadde skipet sett på land salta fisk som dei hadde hatt med frå Risøyhamn. Då lasterommet skulle spylast så rann vatnet ned i botnen av skipet og førte til ei svært dårleg lukt om bord.

Sjekk skipstrafikken her.

Tysdag i middagstida passerte Lofoten Måløy på veg nordover mot Ålesund der skipet ifølgje Firdaposten skulle reingjerast.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende