Statens vegvesen og Lemminkäinen Norge AS hadde nyleg informasjonsmøte om prosjekt «Fv. 633 Tunnel Kleiva». På møtet kom rundt 50 personar frå lokalmiljøet samt representantar frå Selje kommune, entreprenør og Statens vegvesen, heiter det i ei pressemelding.

Strandanipatunnelen blir bygd med einfelts køyreretning med lysregulering. På kvar side av tunnel vil det bli montert veglys som gir signal når ein får køyre. Prosjektet er delt opp i to kontraktar, ein for tunnel og veg og ein for elektroarbeid. Planlagt oppstart av elektrokontrakt er 4. juni 2018 med ferdigstilling 31. august 2018. Heile prosjektet har ferdigstilling 31. oktober 2018.