– Samanslåing med Gloppen er ein god ide, meiner Aksel Myklebust frå Nordfjordeid.

Saman med kameraten Bjørn Erik Bruvoll frå Kjølsdalen valde Myklebust å førehandsrøyste under Påsketreffet i Operahuset.

– Når ein først er her var det like greitt å stemme. Eg har no bestemt meg for lenge sidan. Og ei bru mellom Eid og Gloppen er ein god idé, seier Myklebust, om det som for han er viktigaste argument for kommunesamanslåing.

I Eid kan alle som har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingvalet røyste. I tillegg er røysteretten utvida til å omfatte også ungdom som fyller 16 og 17 år i 2016. Dei må stå i manntalet for Eid.

Dei som ikkje har høve til å røyste den 30. mai eller på førehandsrøysting, kunne gje frå seg såkalla tidlegrøyst under Påsketreffet. Her fekk ein rettleiing frå dei som stod på Eid kommune sin stand. I tillegg kan ein røyste på Eid rådhus frå no av. Dei som skal røyste må ta med seg legitimasjon.