Juli har vore ein god månad for klosterbåten med rundt 1.700 passasjerar. Eigarane håpar på gode besøk ut sesongen for å slå fjoråret.

– Vi ror no på august og september, seier Geir Johnny Rye i Vestkapp Båtservice AS.

Sidan april har dei køyrt turistar til klosteret på Selja og tala for april, mai og juni viser same besøkstal som året før med totalt 1.010 passasjerar.

Totalt hadde Klosterbåten 3.700 passasjerar i fjor.

– No ligg vi i rute mot det vi hadde i fjor. Men vi ønsker å nå 4.000 i år, så vi håpar på ein bra august og september månad, seier han.

I juli har Klosterbåten hatt god pågang der ein fleire dagar har gått både fire og fem turar til klosterøya.

– Det har stått folk igjen på kaia, så det har blitt ekstraturer og opp i 110 passasjerar for dag. Det er eit luksusproblem. Vi skulle hatt 100 personar kvar dag heile året, smiler Rye, som legg til at han meiner det skulle vore eit tettare samarbeid om marknadsføring av turistmåla i Selje kommune.

– Vi har berre hatt positive tilbakemeldingar på båten, fortel eigaren.

I tillegg til turane til Selja har båten i juli har også hatt guida turar til mellom anna Moldefjorden, Barmen og Silda.

– Det har vore mellom 4 og 8 personar på to av turane, og dei to andre turane blei avlyst på grunn av vêret. Det har vore veldig vêravhengig, men ok for å vere første året, seier Rye.

Klosterbåten har elles vore tilgjengeleg for charterturar og pakketurar.

– Vi har hatt litt turar til Kalvåg og Måløyområdet, og nokre turar til Silda, seier han og legg til at dei framleis er opne for private turar utover sesongen.

– Men det har eg heller ikkje rekna med. Folk har eigen båt og er lokalkjende, seier han, og fortset:

– Det er jo turane til klosteret som er hovudfokuset vårt.

Klosterbåten går to gongar dagleg frå Selje til Selja fram til midten av august, deretter faste turar laurdag og søndag og elles etter avtale.