Teknisk- og samfunnsutvalet gav i eit møte torsdag rammeløyve til etablering av Sea Walk på Nordfjordeid.

I samsvar med rådmannen si tilråding vedtok utvalet dei tre første punkta i tilrådinga mot ei stemme. I vedtaket ligg det at ein gir dispensasjon frå kommuneplanens arealdel og reguleringsplan til å plasse vestlege og austlege forankringsarrangement, slik det vart søkt om.

Desse to punkta seier at utvalet føreset at før det blir gitt igangsettingsløyve skal det gjerast uavhengig tredjepartskontroll av geoteknikk og konstruksjonstryggleik.

Vidare ber utvalet om at det blir lagt fram ei politisk sak om kva tidlegare vedtekne trafikktryggingstiltak i Kaivegen som ikkje er gjennomført.

Grunneigarar i Hola sør på Nordfjordeid og naboane til den eventuelle Sea Walken var ikkje nøgde med vedtaket i utvalet.

– Vi føler at vi ikkje har blitt høyrt i denne saka, og vil klage på vedtaket, seier Rita Nyland.