I eit ekstraordinært møte vedtok kommunestyret i Porsanger at dei tar opp eit lån på 35 millionar kroner for å kunne kjøpe ein Sea Walk.

Det melder avisa Ságat.

Dette er den same Sea Walken som kommunestyret i Eid har vedteke å gå inn med 3,2 millionar kroner i, for å få den realisert på Nordfjordeid.

– Sea Walken ligg for tvangssal, så teoretisk sett kan dei kjøpe den. Men det betyr i så tilfelle at selskapet leverer ein annan ein til oss. Dette har vi hatt ein grei dialog på. Vår avtale er at vi skal få på plass ein Sea Walk på Eid, sa han, og la til:

– Poenget er at ein ikkje har klart å finansiere den der oppe, så dette er eg veldig roleg på. Det har ikkje noko å seie frå eller til. Vi har heile tida visst om dette, og skulle det bli sal får vi løyst det på ein annan måte.

– Eg er sikker på vi skal finne ei god løysing, var alt Ole Heggheim, som er styreleiar i selskapet Cruise Venture, som leverer Sea Walken, ville svare på spørsmål om kva som ville skje om Porsanger kjøper Sea Walken.