Den planlagde Sea Walken på Nordfjordeid kan vere på veg til Porsanger.

Samstundes som teknisk- og samfunnsutvalet i Eid kommune har møte for å eventuelt innvilge rammeløyve til å bygge Sea Walken på Nordfjordeid, så skal Porsanger kommune ha eit ekstraordinært kommunestyre for å eventuelt fullfinansiere sine planar om Sea Walk.

Rådmann i Porsanger Bente Larssen tar til orde for at kommunen skal låne 35 millionar kroner og kjøpe ut kailøysinga Sea Walk for å etablere ei snuhamn i Hamnbukt.

Dette melder avisa Ságat.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), seier han ikkje er uroa for at Sea Walken kan hamne i Nord-Norge.

– Sea Walken ligg for tvangssal, så teoretisk sett kan dei kjøpe den. Men det betyr i så tilfelle at selskapet leverer ein annan ein til oss. Dette har vi hatt ein grei dialog på. Vår avtale er at vi skal få på plass ein Sea Walk på Eid, seier han, og legg til: