Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner det verkar å vere ulike spelereglar for dei fem eigarkommunane i Nordfjord Havn IKS.

Formannskapet i Eid drøfta torsdag tilhøvet mellom kommunen og Nordfjord Havn IKS. Bakgrunnen for at saka var oppe til orientering er at styret i Nordfjord Havn sa nei til å gå inn på eigarsida i SeaWalk Nordfjordeid AS, som arbeider med å få på plass ein Sea Walk på Nordfjordeid, trass i ei positiv innstilling frå hamnedirektøren.

Det var i juli 2015 at kommunen starta arbeidet med å få til ein Sea Walk på Nordfjordeid, og ordføraren meiner ein fleire gongar har tilpassa seg etter ønskjer frå styret.

Nordfjord Havn IKS hadde i 2015 18,5 millionar kroner i driftsinntekter. Eksklusiv anløpsavgift fordelte bidraga seg slik: Vågsøy bidrog til 85 prosent av inntektene – 15,3 millionar kroner, Stryn bidrog med 12 prosent, Gloppen to prosent, Selje ein prosent og Eid under ein prosent, noko som utgjer 30.807 kroner.

Ordføraren meiner at dette ikkje er eit hinder for at Nordfjord Havn IKS burde investere på Eid.

Styreleiar i Nordfjord Havn IKS, Elisabeth Elliott, seier at selskapet ikkje gjer forskjell på dei ulike eigarkommunane.

– Vi opererer sjølvsagt med dei same spelereglane. Selskapet er oppretta for å utføre den enkelte eigarkommune sine forpliktingar knytt til hamnerelatert aktivitet, som å utføre dei administrative og forvaltningsmessige oppgåvene som havne- og farvannsloven pålegg dei enkelte kommunane. Selskapet skal vidare, med forsvarleg økonomisk grunnlag, investere og utvikle hamneområda, forklarar Elliott.

Styreleiar i Nordfjord Havn IKS, Elisabeth Elliot, seier dei behandlar alle kommunene likt.

Styreleiaren seier vidare at kor mykje ein bidreg til selskapet ikkje har hatt påverknad på avgjerda.

– Vi vurderar kvart prosjekt enkeltvis. Vi må vurdere det økonomiske i prosjektet. Selskapet har ei låneramme uavhengig av om ein skal investere i Selje, Vågsøy, Eid, Gloppen eller Stryn, understrekar ho.

Havnerådsleiar Nils Myklebust reagerer på at Eid seier dei får for lite att for å vere med i samarbeidet.

– I 2013/2014 vart det laga ei oversikt over kva tenester Nordfjord Havn IKS utførte for eigarkommunane som dei er forplikta til etter Havne- og farvannsloven. I Nordfjord-kommunane vert dette vareteke av Nordfjord Havn. Verdien på denne tenesta er om lag 250.000 kroner per år for kvar kommune, fortel Myklebust, og legg til:

– Dette saman med tenderkai i småbåthamna på Nordfjordeid utgjer om lag 3,5 til 4 millionar kroner sidan 2002. At ein då seier at ein ikkje har fått noko att for medlemskapen burde vore korrigert av ordførar eller Sigurd Reksnes, som kjenner saka godt, seier han.

Hamnerådsleiar Nils Myklebust seier at Eid kommune sidan oppstarten av Nordfjord Havn IKS har fått tenester til ein verdi på om lag 3,5 til 4 millionar kroner frå selskapet. Arkivfoto

Myklebust fortel at då Nordfjord Havn vart skipa gjekk kommunane Selje, Eid, Gloppen og Stryn inn i selskapet med ei krone kvar. Vågsøy gjekk inn med stort sett alle kaiene, som var eigd av tidlegare Måløy Hamn.

– Dette står i rekneskapen som eit lån på 66 millionar. Dette lånet får ikkje Vågsøy renter for, og er heller ikkje med i berekninga av den såkalla låneramma. Så å framstille dette som at det berre er i Måløy det vert satsa og at dei andre ikkje får noko, vert ei skeiv og unyansert framstilling.