Sigurd Reksnes var den einaste styremedlemmen som stemte for at Nordfjord Havn IKS skulle gå inn på eigarsida i SeaWalk Nordfjordeid AS. No trur Reksnes det er på tide at Eid takkar for seg.

– Eg er skuffa og overraska over at styret stemte mot eigarskap, seier Reksnes, som også er kommunestyrerepresentant i Eid for Senterpartiet.

– Til å byrje med var det eit alternativ at Nordfjord Havn skulle ta investeringa aleine, men så kom det eit signal om at det vart eit for stort løft. Dermed vart det sagt at det var ønskeleg å få med investorar og Eid kommune. Den pakken er på plass. Eg følte at vi hadde eit godt grunnlag å bygge vidare på. Det er skuffande at det vart slik, seier Reksnes

– Det er uforståeleg at det vart ein konklusjon som gjekk i mot hamnedirektøren sitt faglege råd og eit sterkt ønskje om deltaking frå Eid kommune si side. Nordfjord Havn har ein solid økonomi og ei velfylt hamnekasse, det er ikkje den økonomiske stoda i selskapet som er til hinder for å investere i dette prosjektet. Det er vanskeleg å få tak på kvifor fleirtalet i styret sa nei, fortset han.

– Dette var ein invitasjon til Nordfjord Havn om å vere med på prosjektet. No har dei valt å ikkje vere med, og når Sea Walken då kjem, har vi to hamner og to kaier som konkurrerer med kvarandre, i staden for at vi har eit samarbeid, seier styrerepresentanten, og legg til:

Styreleiar i Nordfjord Havn IKS, Elisabeth Elliott, seier hovudårsaka til at seks av sju styrerepresentantar sa nei til eigarskap i SeaWalk Nordfjordeid AS er store pågåande prosjekt.

– Hovudargumentet for at vi sa nei til denne førespurnaden er ei vurdering av økonomi og moglegheit til å gjere investeringar. Vi har allereie vedteke igangsette prosjekt og vi har ei låneramme å halde til, som er vedteke av eigarkommunane. Vi har tre store pågåande prosjekt med landbasert infrastruktur i Olden, prosjekt i Barstadvika og området på Trollebø, seier styreleiaren.

Styreleiar i Nordfjord Havn IKS, Elisabeth Elliott, meiner det er for tidleg å seie noko om konsekvensane dersom Eid kommune skulle tre ut av det interkommunale selskapet. Arkiv

Vedtaket vart gjort i styremøte i Nordfjord Havn IKS måndag. Elliot meiner ein no må ha ein fornuftig dialog, når det no kan bli to konkurrerande kaier i Olden og på Nordfjordeid.

– Dette er ein konkurranse som vil vere der uansett kven som etablerar det. Vi må marknadsføre Nordfjord som éin destinasjon, seier Elliot.

– Kva vil det bety for Nordfjord Havn IKS om Eid kommune skulle trekke seg ut?

– Eid kommune må ta den vurderinga. Der må dei vurdere medlemskapen sin og kvar dei ligg i dag. Det er for tidleg å seie noko om kva dette vil bety for Nordfjord Havn IKS no, seier Elliott.