– Viss du vil gå i Måløy, så kjem du sist i rekka fordi du ikkje er i det same fylket. Det er litt dumt, sidan dei på den vidaregåande skulen i Syvde ikkje har alle studieretningane, seier Malene Munck Kragseth.

Sist i køen

Ved Herøy vidaregåande skule avdeling Vanylven, som ligg i Syvde, har ein i dag tre tilbod på Vg1 med til saman to klassar, fordelt på ei halv klasse helse- og oppvekst, ei halv klasse på studiespesialisering og ei klasse på teknikk og industriell produksjon. På Vg2 helsearbeidarfag er det lagt inn ei halv klasse.

Munck Kragseth har byrja i 10. klasse saman med venninnene Mathilde Sylte Ekremsæter, Andrea Løvold, Kristina Løvold og Sara Marie Solheim. Ingen av dei veit kva dei vil bli, men alle er samde om at dei gjerne skulle hatt moglegheit til å søke på ein av skulane i Sogn og Fjordane på lik linje med elevar frå nabofylket.

– Elevar i søre delen av kommunen, som kan tenkje seg bygg- og anleggsteknikk, naturbruk eller restaurant- og matfag må flytte på hybel til Fosnavåg, i staden for å kunne ta bussen frå Åheim til Måløy, og dermed framleis ha høve til å bu heime ei stund til, seier Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V).

Frå Åheim til Måløy er det 35 kilometer. Til samanlikning er det 72 kilometer frå Åheim til Fosnavåg.

Handlar om vilje

Ordføraren inviterte tysdag til eit møte mellom formannskapet og skuleleiinga i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

– Det handlar berre om politisk vilje. Eg fekk inntrykk av at leiinga i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er villige til å sjå på saka, og eg forventar aktivitet frå den kanten.

Vil ha ei styrking

Vanylven-ordførar fryktar at den vidaregåande skulen i Syvde blir lagt ned om det ikkje vert gjort endrignar.

På møtet på Fiskå tysdag var skuleleiinga i Møre og Romsdal invitert for å høyre bekymringane til lokalpolitikarane, samt informere om dagens situasjon for Vanylven vidaregåande.

– Det er viktig å halde på skulen. Skjer det ikkje endringar, kjem vi til å miste den. Vårt mål er vekst i folketalet, og då må vi ha ein vidaregåande skule, seier ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven.

Ho meiner eit grep kan vere å få spesielle liner til den vidaregåande skulen i Syvde.

– Skal vi få halde på skulen må vi ha ei line som gjer at den skil seg ut og som gjer til at folk vel denne skulen. Dømer på slike liner er ambulansefag i Ålesund og landbrukslina på Gjermundnes. Om vi hadde hatt bergverk, som er naturgitt for Vanylven, så hadde det vore ei styrking av skulen, fortel ordføraren.

– Farleg å ri to hestar

Avdelingsleiar Ester Klungre ved Herøy vidaregåande skule meiner ein ikkje har råd til å miste elevar til nabofylket.

Kommentaren frå Klungre kom etter at det i møtet vart diskutert om elevar i Møre og Romsdal skal ha høve til å søkje på skular i nabofylka på same grunnlag som elevane frå Sogn og Fjordane.

Klungre meiner dette kan ha ein negativ effekt på eit allereie fallande elevtal på den vidaregåande skulen i Syvde.