Måndag 29. september startar rettssaka i Fjordane Tingrett der ein danske vikarlegen er tiltalt for uaktsamt drap etter dødsulukka på Bryggja påska 2013.

Det var 27. mars i 2013 at den fatale ulukka skjedde på Rv 15 på Bryggja.

- Han har det tøft og tek det tungt. Dette har vore ei enorm belasting. Han er svært lei seg i tillegg til å ha fysiske plager etter ulukka, sa den tiltalte sin forsvarar, advokat Paul Inge Angelshaug til Fjordenes Tidende i vår.

Angelshaug seier at hans klient ser fram til å bli ferdig med rettssaka, som blir ei sterk påkjenning.

Bistandsadvokat for dei seks barna til kvinna er Catharina Skage.

Den danske legen i 40-åra var på veg mot Måløy etter å ha vore på jobb på legevaktsentralen på Nordfjordeid.

På Bryggja kom bilen over i motsett køyrefelt og kolliderte med ein møtande bil.

Føraren i den møtande bilen, ei 49 år gamal kvinne døydde. Ho var frå Polen, men hadde budd og arbeidd i Måløy i mange år.

Statsadvokaten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har teke ut ein svært så alvorleg tiltale mot den danske vikarlegen i 40-åra, som kom frå nattevakt og som kolliderte front mot front med ein møtande bil.

Rekon, som driv med etterforsking av trafikkulukker og bilbrannar, har på oppdrag frå politiet gjennomgått dokumentasjonen etter dødsulukka.

Konklusjonen er at Mercedesen, som kom i retning Måløy, kan ha hatt en fart på mellom 125 og 145 kilometer i timen då den i 80-sona kom over i feil kjørefelt og trefte bilen der den polske kvinna og ein passasjer sat.

Det var ikkje bremsespor på staden.

I tillegg til å ha hatt høg fart og ha kome over i feil kjørebane, så har Folkehelseinstituttet rekna ut at den mannlege føraren av Mercedesen har hatt ein promille på 0,5 som ein følgje av medikament.

Rettssaka skulle etter planen starte 23. juni i år, men fordi ein av dei faglege sakkunnige var blitt sjuk, måtte saka utsettast til kommande veke.

Det er sett av fem dagar til saka som skal gå i Førde. Ein av dagane vil bli brukt til synfaring på ulukkesstaden.

Den danske vikarlegen som er tiltalt vart alvorleg skadd i ulukka. Ein tredje person som var innblanda i ulukka og som var passasjer i bilen til kvinna vart berre lettare fysisk skadd.

Han vil nok vere eit nøkkelvitne i rettssaka.