Samme kveld ble det sendt et "frierbrev" til Vågsøy.

Les sakene fra mandagens møter her:

Her er hele brevet:

Til Vågsøy kommune v/ Ordførar

Kommunestyra i Eid og Selje har i dag gjort følgjande samrøystes vedtak:

"Kommunestyra i Eid og Selje gjev forhandlingsutvala fullmakt til å forhandle fram ein intensjonsavtale mellom Eid, Selje og Vågsøy. Dersom ein ikkje klarer å bli samde om ei ny intensjonsavtale mellom desse tre kommunane med godkjenning i dei respektive kommunane innan 1. juni 2017, så gjeld dagens intensjonsavtale mellom Eid og Selje slik avtalen ligg føre."

Vågsøy, Eid og Selje utgjer i dag ein samanhengande bu-, arbeids- og serviceregion - ein "kvardagsregion" der folk samhandlar til dagleg. Kommunane våre samarbeider også svært tett på dei aller fleste tenestene retta mot innbyggjarane våre - ikkje minst innanfor helse, velferd og sosiale tenester.

Det er både i Eid og Selje eit klart politisk ønskje om at vi ynskjer Vågsøy med i ein ny kommune, bygd på dagens omfattande samarbeid.

Eid og Selje har som eitt av hovudpunkta i vår intensjonsavtale sagt at "Den nye kommunen skal ha særleg fokus på å utvikle sterke kompetansemiljø og størst mulig ringverknader knytt til havrommet, vekstpotensialet i kystnæringane, reiseliv og ny fornybar energi".

Med vedtaket om bygging av Stad Skipstunnel vil vår region (Nordfjord/Sunnmøre) få endå større utviklingspotensiale her enn vi har kunna legge til grunn tidlegare. Sist fredag la Regjeringa også fram ei eiga "Hav-melding", som ytterlegare skjerpar den nasjonale prioriteringa av havet og havressursane.

Måløy har etter vårt syn eit stort potensiale for å vere "kystbyen" i Nordfjord som vi arbeider for å styrke regionalt og nasjonalt når det gjeld utdanningstilbod, statlege arbeidsplassar og ny næringsverksemd knytt til kysten og havet.

Vil vi også peike på at det er sterkare økonomiske verkemiddel frå Storting og Regjering for samanslåing av tre kommunar enn av to kommunar, mellom anna 10,3 mill NOK meir i eingangsstøtte til ei ny kommune Eid/Selje/Vågsøy enn til både kommunane Flora/Vågsøy og Eid/Selje.

Vi vil difor be Vågsøy om eit møte, slik at vi i eit godt og positivt klima kan sjå kva som skal til for å forhandle fram ein intensjonsavtale mellom Eid, Selje og Vågsøy.

Brevet er signert av ordførerne i Eid og Selje.