Under årets utgåve av Måløy Havfiskefestival lovar arrangørane publikum ein intim og livleg rorbufest.

– Eg trur folket kjem til å få hakeslepp når dei ser korleis festivalteltet ser ut. Vi bygger vegger og det vil ikkje lenger sjå ut som eit festivaltelt, men ei skikkeleg rorbu, fortel festivalsjef Sunniva Oldeide.

Intimt og rocka

Oldeide håper folk vil la seg inspirere av stemninga i teltet.

– Vi håpar at alle kjem med sydvestar, islendarar og tresko for å bli med på ein ekte rorbufest, understrekar Oldeide.

– Veggane, som skal ha eit rakvedpreg, vil bli lyssett, og vi har tru på at dette blir veldig bra, fortel festivalsjefen. Teltet blir som følge av oppgraderinga mindre, så Oldeide trur det fort blir fullt.

– Vi forventar at folk må vere kjappe, seier ho. Det blir arrangement i teltet både fredag og laurdag. Fredag er det lukka arrangement for bedriftene, men på laurdagen blir det underhaldning gjennom heile dagen.

– På dagtid blir det både speakers-corner og musikalske innslag. På kveldstid blir det konsert med D'mens. Eg trur dette blir eit heilt fantastisk arrangement, seier Oldeide.

Fersk sjømat

D'mens er eit lokalt band, som i år byr på to ulike sett under konserten i teltet:

– Dei som fekk med seg konserten dei hadde i Turnhallen i fjor sommar forstår kva oppleving vi har å by på i år, seier Oldeide, og legg til:

Under årets festival blir det servering av fersk sjømat på dagtid i teltet frå onsdag til laurdag.

– Vi har barneaktivitetar kvar ettermiddag og dei kjem inn med dagens fangst frå sjøen. Dermed kan folk kome ned og ta seg nokre timar på Torget, seier Oldeide, og legg til:

– Det er på tide at ein serverar sjømat på ein havfiskefestival. No har vi vore heldige å få låne og kjøpe litt utstyr, slik at vi har eit kjøkken på plass.