- Dei vidaregåande skulane og å ha fokus på næringsutvikling blir dei viktigaste oppgåvene framover. No startar jobben med å styre dette flotte fylket.

Det seier den nye fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Senterpartiet gjorde eit brakval, og dermed så var det ikkje så vanskelege forhandlingar valnatta.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet samarbeider framleis, men dei to førstekvinnene skiftar roller.

Følling var strålande fornøgd med valresultatet og gler seg til å ta fatt på det ansvarsfulle oppdraget.

- Det er strålande at folk i fylket har tru på oss, sa Følling.

Det betyr at Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet må levere frå seg fylkesordførarkjedet, og blir varaordførar. Dei to skiftar altså roller.

Senterpartiet fekk 33,3 prosent av stemmene til fylkestinget, og hadde med det ein framgang på 7,5 prosentpoeng.

Arbeidarpartiet fekk 27,5 prosent av stemmene og hadde ein framgang på 0,5 prosent.

Høgre er det tredje største partiet med 12,8 prosent av stemmene. Dei gjekk tilbake med 4,1 prosent.

Slik vart resultatet av fylkestingsvalet.