Åge Senneset (V) vil ha saka opp for politikarane igjen.

Senneset var villig til å diskutere helsestasjonstenestene i eit større perspektiv, men ikkje villig til å legge ned i ytre utan vurdering og diskusjon.

Saman med Ap-politikar Nina Grotle har han skrive brev til ordføraren og bedt om at kommunestyret tek saka opp igjen.

Senneset er sjølv leiar for prosjektgruppa som fekk mandat til å lage eit forstudium der ein såg på mogleg organisering av Bremanger sine helsetenester i framtida. Men den erfarne politikaren kan ikkje skjøne at vedtaket som blei gjort i kommunestyret i fjor på nokon måte skulle kunne oppfattast som eit nedleggingsvedtak.

«1. Kommunestyret tek forsstudierapporten til vitande.

2. Framlegg til mandat for vidareføring av arbeidet i forprosjektet vert godkjend med unntak av å samordne legetenestene i Bremanger kommune i eitt helsesenter i Svelgen.

3. To politikarar med vara skal vere representert i styringsgruppa for forprosjektet.»

– Viss nokon påstår at dette var eit nedleggingsvedtak, så er dét det mest kamuflerte eg nokon gong har sett. Det er nesten på høgde med dei berømte Terra-vedtaka!

– Så då du stemte, oppfatta du ikkje dette som noko som skulle gjennomførast med ein gong?

– Nei, det eg stemte for var å sette i gong delprosjekta, som ein så skulle ta ei vurdering og avgjerd på før det kom tilbake til kommunestyret. Eg kan ikkje på nokon måte sjå at det ligg eit nedleggingsvedtak her.

– Trur du andre politikarar stemte utan å vite kva dei eigentleg stemte for?

– Ja, om politikarane i kommunestyret hadde hatt mistanke om at dette var eit nedleggingsvedtak, hadde diskusjonen gått høglydt. Det skal eg love deg, seier Senneset, som er svært oppgitt over saksgangen i denne saka.

– Eg spør meg sjølv kva er det vi held på med? Det er ikkje gratis å starte opp så mange delprosjekt og ha ei styringsgruppe i sving. Og vi har jo berre så vidt begynt å jobbe. Så er dette berre eit skalkeskjul? Kva er oppdraget vårt? Det essensielle var jo at gruppa skulle sjå tiltaka i samanheng, og gjere ei heilskapleg vurdering for å få ein best mogleg, effektiv og framtidsretta helseteneste.

Skulle jobbe vidare

Prosjektgruppa la fram ei liste med fleire moglege effektiviseringspunkt for kommunestyret i juni. Som forslag til å jobbe vidare med, ifølge Senneset.

– Det var sett ned prosjektgrupper til å jobbe med delane, samt ei overordna styringsgruppe. Forprosjektet er heilt i startfasen, seier Senneset.

– Eit forprosjekt er eit avgrensa prosjekt som har som mål å analysere og svare på spørsmål som må vere på plass før eit prosjekt kan starte opp.

Senneset var til stades under fakkeltoget tysdag kveld, og tek protestane på alvor.

– På bakgrunn av dei reaksjonane, og korleis vi no ser at enkelte tolkar vedtaket, så håpar vi å få tatt saka opp igjen. Vi er ikkje komfortable med situasjonen slik den er no.

Venstrepolitikaren er også oppteken av å bevare tenester i eit anna perspektiv.

– Faktum er det at dei siste 6–7 åra så har folketalet i Bremanger-bygda minka med over 400 menneske. Og berre det burde fått alle varsellampar til å lyse hos nokon og ein kvar. I staden for å ta vekk tenester, burde kommunen vere i førarsetet, og vere den første til å styrke tilbodet til det betre for barnefamiliar og andre som ønskjer å etablere seg her.