– Eg ønskjer å gi fleire ei god oppleving i naturen, seier Åse Huse.

– Poenget er ikkje at ein må gå ei veke på fjellet. Det kan vere berre småturar, seier Åse.

Sjølv har ho stor glede av å nyte naturen og dele den med andre – det som er hennar Nordfjord og Vestland.

Og 44-åringen lever som ho jobbar. På Frivilligsentralen på Nordfjordeid skal ho legge til rette for at fleire kjem seg ut i naturen.

Les også:

– Husk å ha det gøy. Det er ikkje å kome fortast mogleg fram som er det viktigaste. Leik og undring er viktig. Lag oppleving av turen. Vi gløymer å vere nysgjerrige. Gå i elva, klatre i stein, hoppe frå stein til stein, send kongle nedover elva, seier Åse og legg til:

– Poenget med tur er ikkje berre å gå frå a til å. Ein skal sette seg ned, undre seg, kike etter spor. Sjølv om ein ikkje ser dyr, så er det kjekt å vite om kva dyr som er rundt oss likevel. Tenn bål, et niste, ta deg tid til å nyte. Når du først har nådd fjelltoppen vil du ikkje heim igjen med ein gong. Vent heller på å oppleve ein himmel i flammehav. Vi er midt i smørauget og naturen kan nytast og brukast uansett årstid og vêr. Det er lett å gi folk ei unik oppleving med naturen vi har her i Nordfjord.