– Dette betyr at vi har sikra arbeid ut 2018, og at ordrereserven fram mot sommaren 2019 nærmar seg 100 millionar kroner, fortel dagleg leiar for selskapet, Nils-Per Sjåstad, som legg til at kontrakten Stadpipe har sikra seg også kan leie til utvidingar av bedrifta, som i dag tel om lag 30 tilsette.

Verdt ein årsomsetnad

Per i dag arbeider Stadpipe blant anna med eit anna prosjekt for Krüger Kaldnes ved Follafoss utanfor Trondheim. Sjåstad forklarar at dette var den største kontrakten til selskapet, før dei fekk kontrakten på smoltanlegget på Fitjar.

– Det arbeidet som dei tilsette har gjort på tidlegare prosjekt har vore medverkande til at vi no får denne kontrakten, seier dagleg leiar for Stadpipe, Nils-Per Sjåstad. Arkivfoto

– Den nye kontrakten er verdt cirka tre gongar så mykje som den nest største, og svarar om lag til ein årsomsetnad for oss, seier Sjåstad, som ikkje ønskjer å gå nærare inn på kva kontrakten betyr økonomisk.

I fjor omsette verksemda på Stadlandet for cirka 62 millionar kroner og resultatet enda på 4,5 millionar kroner.

– Resultatet er greitt sett i samanheng med at vi har vakse ganske kraftig dei siste tre åra, forklarar Sjåstad, og legg til:

– Vi har mykje å gjere og ser lyst på framtida, men det er viktig for oss å ha ulike kundegrupper og ulike bein å stå på.

Første levering om to veker

Stadpipe er allereie i gang med prosjekteringa av røyropplegget til smoltanlegget som Krüger Kaldnes saman med samarbeidspartnar Total Betong bygger for Lerøy. Anlegget har ifølge iLaks.no ei investeringsramme på 650 millionar kroner, og er ei utbygging av det eksisterande smoltanlegget ved Kjærelva i Fitjar.

– Vi skal levere den første biten av røyranlegget om 14 dagar. Vi har ei avdeling i Bergen som skal ta ein del av produksjonen av det som skal leverast, men vi produserer spesialdelane på Stadlandet. Her produserer vi det som ikkje er «hyllevarer». Det at vi kan produsere og levere desse delane er nok medverkande til at vi fekk kontrakten, forklarar Sjåstad.

Smoltanlegget på Fitjar skal stå ferdig tidleg hausten 2019, og dette er det tredje prosjektet der Krüger Kaldnes vel å samarbeide med verksemda, som har hovudkontor på Leikanger.

Frå tidlegare har Stadpipe vore leverandør for selskapet på eit smoltanlegg i Astafjord i Vesterålen, i tillegg til settefiskanlegget i Follafoss.

– Eg trur den kompetansen vi har i bedrifta på prosjektering, design, produksjon og installasjon, som gjer at vi kan levere ei totalpakke som dei er fornøgde med både kvalitet og tidsmessig, har vore avgjerande, seier Sjåstad, og legg til:

– Det er klart at dette er ikkje mogleg utan at eg veit at det finst folk i bedrifta som kan bidra i alle ledd. Det er ikkje eg aleine som skal ha æra for dette. Det arbeidet som dei tilsette har gjort på tidlegare prosjekt har vore medverkande til at vi no får denne kontrakten.