– Viss vi ser på verksemder som har fakturert oss for meir enn 100.000 kroner, er det over 50. Av desse er 30–40 frå nordfjordregionen. Samarbeidet har gått fint. Det har vore mange operasjonar både ute og inne som har føregått parallelt. Vi har vore avhengig av god samhandling.

Han var tidlegare gruvesjef for Sibelco og leia arbeidet med å utvinne olivin frå gruva. Kjentmannen som har jobba i Lefdal Gruve sidan 1996, vart tilsett i Lefdal Mine Datacenter for å leie prosessen då utbygginga starta i 2015. Fire av dei som jobba i gruva tidlegare, har vore med på bygginga av datasenteret.

Ved opninga har Lefdal Mine Datacenter sju eigne tilsette. Ifølgje Kristiansen har kring 30 personar vore i dagleg arbeid i anleggsfasen. Det betyr mykje innleigd arbeidskraft.

– Høg kompetanse

Administrerande direktør Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter signaliserer at verksemda ynskjer å halde fram med eit tett samarbeid med underleverandørar, heller enn å byggje ein stor driftsorganisasjon.

– Til å drifte sjølve anlegget trengst ikkje så mange tilsette. Ein må sjå på det totale biletet, kor mykje arbeid datasenteret genererer. Her finst eit stort og kompetent næringsliv i området. Det er ein stor fordel for oss om vi kan nytte dette i periodar og sleppe å byggje opp heile organisasjonen sjølv.

Kjenner gruva frå før

Ulvesund Elektro kjenner gruva godt frå tidlegare, sidan Måløy-firmaet også var involvert i gruvedrifta.

– Vi har vore her sidan 1981 og kjende godt til heile anlegget frå tidlegare. Det var inngangsbilletten vår, seier prosjektleiar Jan Saltkjel i Ulvesund Elektro.

Roy Kristiansen i Lefdal Mine Datacenter handterer denne hjullastaren i samband med klargjering av anlegget til opninga 10. mai.

Han fortel at dei som underleverandør har leigd inn andre underleverandørar igjen. Saltkjel seier arbeidet har vore utfordrande, men interessant.

– Vi har støtt på utfordringar heile tida. Dette er heilt ulikt andre prosjekt vi jobbar med, hovudsakleg fordi vi jobbar i ein tunnel og i hol i fjellet, ikkje på ein vanleg byggjeplass. Vi måtta ta i bruk spesielle løysingar for å få straum ned. Eg må også få nytte høvet til å skryte av samarbeidet her, det har vore veldig bra.

I snitt har Ulvesund Elektro hatt fire-fem personar i arbeid i gruva i halvtanna år.

Køyrt ut 30.000 kubikk masse

Den første av underleverandørane som byrja jobbe i gruva, og som har tatt dei suverent tyngste løfta, er Jimmy Nore & Sønn AS.

– Vi har køyrt ut om lag 30.000 kubikkmeter masse og erstatta det med 20.000 kubikkmeter masse frå brotet vårt på Almenningsfjellet. Vi var dei første som kom og har jobba her i to år, seier Nore.

Han seier dei har vore tre-fire personar i arbeid i denne perioden, halvparten av arbeidsstyrken i firmaet. Dei har brukt maskiner frå 50 til 8 tonn.

Kristoffer Drage i Caverion er ein av mange frå det lokale næringslivet som har jobba med å klargjere datasenteret. Her monterer han stikkontaktar inne i datasenteret.

Stadpipe byrja arbeidet med røyrsystema rett etter nyttår i 2016, i starten heldt dei til i verftshallen på Løkjaneset der dei sveisa saman og klargjorde dei enorme røra.

Dagleg leiar Nils Per Sjåstad seier prosjektet har vore positivt for dei å vere med på.

– For det første ligg det i grei avstand til hovudkontoret vårt på Leikanger på Stadlandet, slik at vi kan organisere arbeidet derifrå. Prosjektet har fått mykje positiv medieomtale, det er bra også for vårt renommé. Vi er klare til å vere med vidare om det er aktuelt.

– Genialt

Anleggsleiar Kristiansen i Lefdal Mine Datacenter seier dei i tida framover vil konsentrere seg om å bygge ferdig infrastruktur og fylle opp kapasiteten på nivå 3 i gruva som no er gjort klart til datasenter.

– Dersom ting går etter planen, held vi fram med bygginga av dei to andre nivåa, seier han. Det vil i så fall vere godt nytt også for underleverandørar.

Rolf Kristiansen har jobba i gruva sidan 1996. No er han tilsett i Lefdal Mine Datacenter.

Ifølgje Kristiansen var dei inne på fleire moglege bruksområde for gruva før ideen om datasenter kom opp.

– Vi var inne på at det kunne vere deponi for søppel her. Fryselager for laks var også nemnt. Det var aldri snakk om datalager. Men dette er veldig smart og mykje betre enn deponi eller fryselager. Det er genialt.

Les mer om Lefdal Mine Datacenter og åpningen her: