Ifølgje marknadsdirektør Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter er fleksibiliteten eit varemerke for verksemda.

– Vi tilbyr kjøling, fiber og straum på tomta, i tillegg til at vi varetek tryggleik, vedlikehald og slike ting. Så tilbyr vi ulike typar løysingar. Vi har såkalla «Own build», altså at du kjem og byggjer sjølv på ei tildelt tomt nede i gruva. Så tilbyr vi såkalla «Housing»-løysing, det vil seie at vi set opp ferdig IT-konteinar eller datahall, og det er berre for kunden å setje inn sine eigne «racks», forklarer Andersson.

Marknadsdirektør Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter.

Fleksibiliteten stoppar ikkje med det:

– Som eit tredje produkt tilbyr vi ferdige «racks» med energi og kjølesystem lagt klar mellom, plassert i datahallar eller konteinar. Kunden kan kome med eigen server og berre plassere den rett inn. Det fjerde produktet vi tilbyr er komplett med serveren ferdig installert.

– Vi trur hybrid er framtida, at kunden hoppar på ei stegløysing og kjøper kapasitet der.

– Når det gjeld straumforsyning, er alt duplisert. Det vil seie at om eit system er nede slår eit anna inn. Kunden kan velje duplisering eller ikkje etter behov. Ein bank vil til dømes ikkje ha aksept for at systemet er nede, medan til dømes ein høgskule kan akseptere det. Det er eit kostnadsspørsmål.

Drivkraft i Måløy-miljøet

Noko av forretningsideen er at lokalt næringsliv skal ha arbeidet med å byggje opp infrastruktur i datasenteret, alt etter kva kunden ynskjer. Måløy-verksemda LocalHost, som hadde ideen og også har vore ei avgjerande drivkraft for å realisere prosjektet, blir sentral her.

I samband med oppstarten av prosjektet i august 2015 blei det klart at IBM er ein av aktørane som etablerer seg i Lefdal Mine Datacenter.

Administrerande direktør Jørn Skaane har bakgrunn frå energibransjen og er busett i Holmestrand. Her er han i gruva som han har brukt all si yrkesaktive tid på siste åra.

Utover det ynskjer Andersson og administrerande direktør Jørn Skaane å spare nyhenda om kundemassen til sjølve opninga 10. mai. Nokre av kundane ynskjer heller ikkje offentleg merksemd. Men dei to stadfestar at det er kome til fleire aktørar sidan lanseringa i 2015.

Den totale kostnaden for første utbyggingstrinn er kring 250 millionar kroner. Det er tidlegare opplyst at 100 millionar av dette er reist som eigenkapital.

Vasskjøling

Det som ikkje er så godt kjent, er at ein av dei store investorane i Måløy-miljøet, Gunnar Carlson, også er mannen bak kjøleteknologien som er med på å gje Lefdal Mine Datacenter miljøstempel. Han fortel han har henta løysinga frå skipsbransjen.

– Det er den same løysinga som på eit gammaldags kjøleanlegg på båt, såkalla «keel- cooling». Du brukar ferskvasskjøling som ligg i kjølesløyfe på utsida av skroget. Det vi har gjort er å ta denne teknologien og blåse han opp til store dimensjonar. I eksisterande datasenter er det luftkjøling, noko som er lite effektivt. Vi har tenkt annleis, forklarer Carlson.

Modellen viser omfanget av gruva med nivå 2, 3 og 4. Datasenteret som blir opna no ligg på nivået i midten.Illustrasjon: Lefdal Mine Datacenter

LocalHost tilbyr i dag servertenester i eit rom i tilknyting til lokala i Gate 1 i Måløy. Her står det seks «racks» lina opp. Kjølinga kjem frå hamnebassenget rett nedanfor, etter same prinsipp som i Lefdal Gruve.

No blir serversystemet bygd vidare i Lefdal Mine Datacenter.

– Datasenteret i gruva gjev oss eit nærast uendeleg potensial for ekspansjon, seier Rune Mykletun i LocalHost.

120.000 kvadratmeter

Til opninga er eitt av totalt tre nivå gjort tilgjengeleg. Det er nivå 3 som er bygd klart. Samla potensial er 120.000 kvadratmeter i gruvegangane der det tidlegare blei teke ut olivin. Planen og målet er å halde fram med utbygging av nivå 2 og 4.

– Vi har ei gedigen tomt på tre nivå, og ser for oss at arealet blir delt opp i ulike lag. Vi kan ha to og tre lag i høgda, seier Andersson.

– Sjølv om det er store endringar i IT-bransjen heile tida, og det som gjeld i dag kanskje ikkje gjeld om nokre år, må data framleis lagrast fysisk. Responsen i marknaden viser at det er eit stort behov for sikker, billig og skalerbar datalagring og prosessering.

– Vi trur det vil vere veldig bra for norsk IT-bransje. Vi er i dialog med store internasjonale aktørar, synleggjer våre fordelar og tilkallar oss merksemd slik at dei etablerer seg i Norge. Dei vil ta i bruk lokale IT-selskap som sine underleverandørar. Det blir «grunnmuren i huset» med eit slikt datalager, trur Andersson.

45 megawatt

Utbygginga har gått veldig bra, ifølgje Skaane.

– Vi har gjort ein god del meir enn planen innanfor same kostnadsramme. Vi ser at etterspurnaden kjem til å bli stor.

– Det vi har bygd er 45 megawatt redundant. Det vil seie at vi har to kjølesystem på nivå 3, begge med ein kapasitet på 45 megawatt. Det eine systemet tek over når det andre til dømes skal haldast ved like. Begge systema blir brukt heile tida, men går på redusert kapasitet, legg han til.

Energileverandør og medeigar SFE har forsterka linjenettet dei fem kilometerane frå Lefdal til Bryggja. Herifrå går det linjer over fjorden til vassverk i Ålfoten – Yksneelvane og Åskora. Dette sikrar tilgangen til elektrisk straum.

Spesielt trygt

Datasenteret vert marknadsført som spesielt trygt sidan det ligg i ein fjellhall. Ein annan faktor som gjer lokaliteten eigna er at han ligg rett ved fjorden. Vatn til kjøling er lett tilgjengeleg. Sjøvatnet blir teke inn gjennom svære rør, via to føringsvegar. Fibersituasjonen er også gunstig.

– Kombinasjonen er ikkje lett å kopiere andre stader, meiner Andersson.

Denne datahallen på 30 x 12 meter er plassert nede i gruva og rommar eit tradisjonelt datasenter. Det er i dette rommet opninga skal vere i dag.

Det blir for tida bygd gigantiske datalagringssenter i nabolanda våre, Danmark, Sverige og Finland, etter at IT-gigantar som Facebook, Google og Apple har valt å lagra dataene sine her. Desse sentra blir bygd på landjorda, og er avhengig av luftkjøling. Skaane meiner deira løysing med kjøling frå fjorden er betre.

– Vatn kjølar 4000 gongar betre enn luft. Luftkjøling kan fungere bra i kaldt klima som i Norden. Men ein må ha ei reserveløysing for varme periodar, eller luftureining som askeskyer eller pollen. Hjå oss er det ei kjøleløysing som gjeld heile tida. Det er ein spesiell ting hjå oss som er veldig bra.

Les mer om Lefdal Mine Datacenter og åpningen her: