Vi er i andre høgda av Sparebanken Vest-bygget i Gate 1 i Måløy sentrum. Her er eit nærmast papirlaust samfunn. Det skin av dei tidsriktige, ryddige kontora. Dataskjermar over alt, i ein endelaus straum av kommunikasjon til Nordfjord, Norge, Verda. På ti år har dei bygd seg opp. No ventar eit nytt kapittel i historia om IT-eventyret i Måløy. Lefdal Mine Datacenter opnar 10. mai.

LocalHost har fått merksemd både nasjonalt og internasjonalt, og er brukt som førebilete på kva ein kan få til med innovative hovud godt hjelpt av kapital. Mest kjent er vel framstillinga av investor Gunnar Carlson som nærmast kasta ti millionar kroner etter gründerane Sindre Kvalheim (40), Rune Mykletun (50), Vidar Saltkjel (43) og Vidar Furnes (35).

Men spiren til LocalHost vart sådd før det. Dei fire gründerane var nemleg allereie kameratar. Korleis heng det i hop, med tanke på at dei er av ulik alder? Svaret er som annonsert i tittelen – dataspel.

– Det var interessa for dataspel som førte oss saman og som gjorde at vi blei kameratar. Vi møttest for å spele data og musikk. Vi var musikarar heile gjengen, fortel Sindre Kvalheim, som skildrar framveksten av selskapet som «eit godt teamarbeid mellom fire samansveisa kompisar».

Gunnar Carlson seier han satsa på menneska. Han bad dei kome opp med ein forretningsidé så skulle han skaffe finansiering.

– Han hadde spurt fleire gongar. Til slutt gav han beskjed om at no måtte det bli elles gav han opp. Sjølv jobba eg som utviklingssjef for Acos i Bergen på den tid. Rune jobba med IT i Vågsøy kommune, Vidar Furnes var tilbake i Måløy etter studiar i Ålesund og jobba for Netpartner, medan Vidar Saltkjel, også ingeniør frå Ålesund, var på veg til å flytte til Sverige. I desember 2006 presenterte vi forretningsideen for Gunnar, i mars 2008 opna vi datasenteret og var offisielt i gang, fortel Kvalheim.

Utvikling av teknologiarbeidsplassar gjev unge folk høve til å flytte heim. Eirik B. Færestrand jobbar med sal og Kari Larsen med økonomi i LocalHost.

Dei måtte byggje opp firmaet frå grunnen av, og starta med å inkorporere Netpartner i selskapet som i dag er eit konglomerat av selskap under morselskapet LocalHost Holding, eigd av dei fire gründerane pluss Gunnar Carlson, Egil Skibenes, sjømatselskapet Coast Seafood, Stegar Holding og Ulvesund Elektro. Sjølve LocalHost AS har i dag 25 tilsette. I det såkalla Måløymiljøet der LocalHost har fungert som «hub», er det sidan 2006 bygd opp om lag 130 arbeidsplassar, 70 innan IT, og det er investert cirka 400 millionar kroner av det ein kan kalle risikovillig kapital der Carlson er sentral.

– Han var verkssjef for olivinverksemda i Lefdal Gruve, som hadde ein produksjon på 500.000 tonn per år. Vedtak var fatta om å bygge ned aktiviteten og legge gruva i driftskvile, seier Kvalheim, og fortel vidare om prosessen:

– Vi hadde nettopp vore omtalt i eit nasjonalt prosjekt kalla «Sky og fjordane». Bodskapen der var at Norge måtte prøve å kome på offensiven. I samband med det lanserte vi ideen om landets første grøne datasenter. Vi snakka med lokale investorar, og Alfred Bjørlo, som på den tid jobba i Måløy Vekst, og byrja sjekke mot det offentlege. Vi fekk det til og byrja på eit forprosjekt der vi fekk med Hafslund, IBM, DNB, SFE, Innovasjon Norge og Tandberg. Med det hadde vi tunge finansielle, industrielle og teknologiske aktørar med på laget.

Forprosjektet tok halvtanna år og kosta 6,5 millionar kroner.

– IBM konkluderte med at forholda i gruva var 20–30 prosent meir effektive enn det dei hadde sett globalt. Då var vi komne til august 2011. Etter ein telefonsamtale med Steve Sams, visepresident for Global Technology Services i IBM, fekk vi på plass ein intensjonsavtale, og rett etter kjøpte SFE seg inn med 20 millionar kroner. Det gjorde det mogleg å ta prosjektet til ein ny fase. Den som sette spaden i jorda, var dåverande moderniseringsminister Heidi Grande Røys. Ho var gudmor og hadde ei viktig rolle. Det same kan seiast om Innovasjon Norge, seier Kvalheim.

I dag har LocalHost datasenter i lokala der dei held til i Gate 1 i Måløy. Seks «racks» står oppstilt. Snart skal denne aktiviteten vekse vidare i gruva. Vidar Furnes (t.v.) og Rune Mykletun viser.

Alt arbeidet skjedde under drifta til LocalHost. Det var dette miljøet som var den reelle arbeidsstyrken heilt til Jørn Skaane og Mats Andersson vart tilsette. Også i fasen med oppbygging av datasenter i gruva har Local Host hatt ei sentral rolle.

Måløymiljøet har aksjemajoriteten i Lefdal Mine Datacenter gjennom LocalHost Holding, i tillegg til at Carlson, Skibenes og Coast Seafood er inne på investorsida i eigen regi.

Investeringa i gruva er på rundt 250 millionar kroner. Av dette er LocalHost sjølv inne med om lag 10–15 millionar kroner.

– Det synest eg er bra med tanke på at vi har levert 1-1,5 millionar i resultat. Vi har aldri teke utbytte, men pløgd alt overskotet inn i nye gründerselskap.

Les mer om Lefdal Mine Datacenter og åpningen her: