Nemesis har hatt ope sidan 1. desember, og tilbakemeldingane har vore nærmast panegyriske.

Facebook-sida til restauranten renn nemleg over av superlativ. «Både tunge og magesekk er framleis i ekstase», skriv ein av gjestane.

Gründer

Jan-Erik har hatt base i Stavanger i ei årrekkje, der Tango Bar & Kjøkken har vore arbeidsplassen. Han deltok i Årets kokk hausten 2015, og flytta til Oslo våren etter for å starte på Palace Grill. Så kom planane om å starte sitt eige etter kvart.

– Eg har aldri vore med på å etablere noko før. Eg kom inn som ein ung kokk i Stavanger, der eg fekk mogelegheita til å jobbe hardt og utvikle meg under veldig gode forhold, fortel han.

Hauge og teamet på Nemesis fornyar menyen sin kvar dag. Her diskuterer Jan-Erik dagens mattilbod i lag med kokk Rasmus Rasch.

No var han klar for å ta det store steget vidare.

– Å ha min eigen restaurant rett ved Youngstorget er veldig surrealistisk. Det vil nok ta litt tid å ta det innover seg. Men det har vore eit ynske lenge, fortel han.

– Noko heilt anna

Jan-Erik har brukt mykje tid på kjøkkenet. Det skal han framleis, men det å både eige og drive ein eigen restaurant er noko anna enn å berre vere tilsett som kokk.

– Eg får mykje energi av å motivere. Det å sjå at eins eigne idear skapar gnist hjå andre og blir større, fortel han engasjert.

Det er ein ung gjeng som jobbar på Nemesis. Den eldste er 33 år. Til saman er dei 14 tilsette på den nye restauranten.

Og dei er eit ambisiøst lag som dreg lasset saman.

– Vi er alltid på, og vi er alltid i utvikling, fortel den 27 år gamle kjøkkensjefen.

Ein restaurant for alle

Nemesis skal vere ein plass for alle, både til kvardags og til større anledningar.

– Vi skal kunne nå alle, og vi varierer også menyen kvar dag. Du kan kome innom fleire gonger i veka utan å få det same, fortel Hauge.

– Eg har mine måtar eg ynskjer å lage mat på, som alle andre. Men eg har eit fokus på grønsakene. Eg likar å få fram verdien av dei. En god saus og eit godt tilbehøyr er veldig viktig. Det er ikkje berre å steike biffen riktig, seier han.

No byter likevel restaurantbiffen plass med julematen heime i Berle. Dei fyrste fridagane på ei god stund skal også smake godt.

– Det blir eit par rolege dagar heime i Berle i jula, seier han.