Nordfjord psykiatrisenter har dei kortaste ventetidene i Helse Førde. Avdelingssjef Trond Aarre trekk fram samarbeidet med kommunane som avgjerande.

– Vi kjenner ikkje til at noko distriktspsykiatrisk senter (DPS) har kortare ventetider enn Nordfjord psykiatrisenter. Hittil i år ligg vi på 13–17 dagar ventetid, og dette er noko vi har arbeidd veldig hardt for å få til, fortel Aarre, som peikar på at samarbeidet med kommunane har vore, og er, ein viktig del av tilbodet.

I høve 25-årsjubileet til psykiatrisenteret inviterte Aarre til eit møte mellom leiinga i helseføretaket, dei tilsette og kommunane i Nordfjord. Han er uroa for kva kommunereforma kan gjere med tilbodet ein har ved psykiatrisenteret.

– Det vi har vore bekymra for er at opptaksområdet vårt er trua. Dersom kommunane skulle gå over til andre helseføretak vil dette innskrenke vårt område. Dei teneste vi gir er vi avhengige av at er integrert i kommunane sine teneste.

Reduserer plassar

Psykiatrisenteret på Nordfjordeid var i si tid planlagt som ein psykiatrisk sjukeheim med 40 plassar. Då ein starta opp tilbodet 19. juni 1991 hadde ein 24 plassar, fordi ein ikkje fekk pengar til resten.

– Dette har gjort av vi kan redusere døgnbehandlinga vår, legge ned plassar, flytte folk og bygge opp nye tilbod, slik at vi kan vere tidlegare på plass, ha kortare ventetider og døgnkontinuerleg beredskap.

Ser lyst på framtida

Per i dag er det 80 årsverk fordelt på tre postar på psykiatrisenteret. Dei over 100 tilsette er fordelt på døgnposten for psykisk helsevern, ein russeksjon og ein dagpost med poliklinikk og eit ambulant team.

– Vi har eit ambisiøst lokalsjukehus for psykisk sjuke og rusavhengige, seier Aarre, som ser lyst på framtida:– Så lenge kommunane støttar opp om tenestene her på Eid så vi halde fram den gode utviklinga og det vil gagne folket her.

Tidlegare i år tok imot Nordfjord psykiatrisenter Akuttpsykiatriprisen. Bakgrunnen tildelinga var arbeidet som er gjort i regionen med døgnopne ambulante tenester.

Ambulant team er eit døgnope tilbod, som publikum kan ta kontakt med dersom ein treng tenestene deira. På dagtid kan ein ta direkte kontakt med teamet, medan ein om natta må gå gjennom legevakta.

– Pasientar som er plaga med psykisk uhelse eller rusproblem kan få bistand frå våre folk. Dei fleste som kjem på legevakta møter ein lege frå ein annan kommune, og her har vi gode moglegheiter for å gjere ein forskjell. Vi kjenner tenesteapparatet i kommunane veldig godt og kjenner mange av desse pasientane frå tidlegare, forklarar Aarre.

Det ambulante teamet er for tida plassert i ein av søsterbustadene ved sjukehuset. I løpet av neste år håpar Aarre at dei har fått utvida hovudbygningen på psykiatrisenteret slik at ein får samla alle tilboda på ein stad.