Ein familie på fire står huslause etter den dramatiske brannen i Svelgen. No krev lensmannen og brannsjefen at kommunen sett i gang tiltak for å betre vasstilgangen.

27. mars i fjor vart tre bustadar i eit rekkehus på Langeneset i Svelgen totalskadd i brann. Etter det vart det sett fram krav om tankbil som akuttiltak og dernest oppgradering av leidningsnettet i kommunesenteret. 30. desember i fjor stod likevel lokalt brannmannskap med like dårleg trykk på brannslangane då ein ny, dramatisk brann oppstod i Svelgen.

Som eldprosjektil i lufta

– No må det gjerast noko. Dette går på innbyggarane sin sikkerheit laus, seier lensmann Hans Rune Strandos.

Med vindkast i orkan styrke, såg lensmannen etter kvart for seg det verste scenariet i Svelgen, med brannen i Lærdal friskt i minne.

– Det såg skikkeleg ille ut. Det blåste brennande plater bortover busetnaden. Dei for som eldprosjektil gjennom lufta, fortel Strandos. Vinden kom frå søraust og dei eldste bustadane – funksjonærbustadar i tre som snart er 100 år gamle – stod i fare.

– Brannmannskapet gjorde ein formidabel innsats, spesielt med tanke på det dei hadde å hjelpe seg med. Vasstrykket var så lågt at det så vidt rakk fram, seier Strandos.

Fleire hus i nærleiken vart evakuert då det tok til å brenne i Svelgen, men til alt hell kom det seint på kvelden eit veldig regnvêr som redda bygda.

Forkludra i kommunestyret

Brannsjef i Flora og Bremanger, Magne Igland, er samd med lensmannen. Begge krev no tiltak frå kommunen.

– Det er altfor lite trykk i Svelgen, fastslår Igland.

Etter brannen i Svelgen i mars, hadde Igland møte med teknisk sjef og folk frå uteseksjonen. Då vart det bestemt at det som ei mellombels ordning skulle kjøpast inn tankbil i påvente av utbetring av leidningsnettet. Ein slik tankbil kostar 2,6 millionar kroner.

– I kommunestyret vart dette forkludra med at enkelte meinte andre bygder i kommunen også burde få betre beredskapsutstyr. Dermed vart ikkje forslaget til teknisk sjef godkjent, og slik står saka no, fortel Igland.