Ole Heggheim i Cruise Ventures garanterar at dei har Sea Walk til Eid.

Fjordenes Tidende har tidlegare skrive at den planlagde seawalken på Nordfjordeid kan hamne i Nord-Norge, etter at det i eit ekstraordinært møte i Porsanger kommune vart vedteke å ta opp eit lån på 35 millionar kroner for å sikre seg seawalken.

«Med referanse i flertall i Porsanger kommune for kjøp av Sea Walk til Lakselv: Jeg bekrefter på vegne av Cruise Ventures at vi har en løsning og kan tilby leveranse av en operativ Sea Walk-installasjon innen mai 2017 på Nordfjordeid uavhengig om Porsanger kommune frå endelig godkjenning av vedtaket eller ei», skriv Ole Heggheim i ein e-post til ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V).