I dag vart det nye serviceanlegget til Selstad AS på Trollebø offisielt opna.

Om lag 200 personar møtte fram for å markere opninga av det over 3.000 kvadratmeter store anlegget.

Administrerande direktør i Selstad AS, Hans Pettter Selstad, sa i si tale at anlegget fungerar akkurat slik dei hadde håpa. Det var offisiell opning av serviceanlegget i dag, fredag, men det har vore aktivitet i bygget sidan april i fjor. Anlegget har kosta om lag 50 millionar kroner.

I kveld er det festmiddag i Samfunnshallen.

Sjå bilete frå den offisielle opninga øvst i saka. Du kan lese meir om opninga i Fjordenes Tidende tysdag.