I kommunestyremøtet reiste han seg og bad politikarane legge hovuda i blaut for gode idear til kva ein kan gjere med ein veg som spesielt på vinterstid skapar store problem både for næringsliv og privatfolk.

Per Røys kunne avkrefte at det var transportørane sin feil.

– Vi stiller krav, og i haust er det nok mellom åtte og ti trailerar vi har sendt tomme tilbake grunna manglande utstyr. Det er ein avtale vi har inngått med Statens vegvesen, sa han.

Politikarane blei einige om at ordføraren sender ein førespurnad til fylket og ber dei om å sjå på problematikken.