Næringslivet i Eid er svært positivt innstilt til Eid og Gloppen som felles kommune.

– Eg trur ikkje det er mykje motstand i næringslivet i Eid. Vi får det vanskelegare økonomisk om vi står åleine. Moglegheitene er ganske store ved å stå saman. Om vi ikkje gjer noko, så blir det ikkje slik vi har det i dag. Det blir verre og vanskelegare, meinte Tore Hjelle frå Eid Elektro, som også sit i kommunestyret for Høgre.

Hjelle gav dermed full støtte til ordførar Alfred Bjørlo då næringslivet i Eid var invitert til frukostmøte onsdag.

Brua er nøkkelen

Geir Peder Ueland frå In Via er gloppar, har budd i Måløy og Stryn i mange år, og jobbar i Eid.

Det var ein lydhøyr gjeng frå næringslivet, der det var stor semje om at den manglande brua Lote-Anda er ein solid brems.

– Brua er nøkkelen til næringsmessig suksess. Næringslivet i Gloppen ser store synergieffektar med stor bu- og arbeidsmarknad. Næringslivet er framoverlent og positive til kommunesamanslåing, signaliserte Audun Mundal (KrF) frå Gloppen Næringsorganisasjon.

– Det er ikkje nokon annan veg å gå enn kommunesamanslåing med Gloppen, så kjem kanskje andre kommunar og hektar seg på etter kvart, ønsketenkte Svein Otto Melheim i Eid Industrihus.

Utvikling

Eli Førde Aarskog var opptatt av fokuset på kommunen som samfunnsutviklar.

– Vi må melde oss på og ta ein aktiv rolle, sa Aarskog, og meinte Eid kommune ikkje kan gjere det åleine.

– Nøkkelordet er innovasjon. Trur det er vanskeleg å få til det med berre 6.000 innbyggjarar. I framtida trur eg vi har ein Nordfjord vidaregåande skule, ein Nordfjord ungdomsskule og Nordfjord Helse. Alle område vil vere tent med å bli større. Då vil vi få meir innovasjon og vere levedyktig i Distrikts-Noreg. Og så må brua på plass, meinte Arild Hjelmeland.

Brenn for Nordfjord

– Eg er nordfjording, og brenn for Nordfjord, seier næringslivsaktør Oddvin Hansen.

– No har vi fokus på å få på plass Eid og Gloppen som ein kommune. Om dette ikkje går må vi sjå om det er mogleg å få til noko med alle Nordfjord-kommunane, meiner Hansen.

Han er opphavleg frå Årsheim, har budd på hybel i Måløy, bur på Nordfjordeid, og eig i dag Europris-butikkane på Eid, Sandane og Stryn.

– På meg verkar det som om det er positiv stemning på Sandane for samanslåing med Eid. Men det er viktig å få på plass brua, seier han.