Bremanger kommunestyre sitt budsjett for 2016 blir ikkje godkjent av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og må behandlast på nytt innan 30. juni.

– Bremanger kommunestyre sitt vedtak om årsbudsjett 2016 og økonomiplan 2016 – 2019 er ikkje godkjent fordi tidlegare underskot ikkje er dekt innan fristen på 10 år, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Bremanger kommune er registrert i Robek-registeret, og difor skal Fylkesmannen føre kontroll og godkjenne budsjett og eventuelle låneopptak.

Kommunen har ifølgje Fylkesmannen eit akkumulert underskot ved årsskiftet 15/16 på 100,7 millionar kroner.

– Kommunen må derfor innan 30. juni handsame og vedta budsjett 2016 og økonomiplan 2016–2019 på nytt, der og underskotet frå 2008 blir dekt innan 2018, skriv Fylkesmannen, som godkjenner låneopptak på 11,5 mill. kroner til fullfinansiering av Svelgen omsorgssenter.

Godkjenning av andre låneopptak for 2015 og 2016 blir handsama når kommunen har fått godkjent budsjett og økonomiplan.