Dette skjedde på det konstituerande møte i fellesnemnda i Bergen i dag.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) fremja først forslag om at Osdal skulle bli leiar i fellesnemnda.

– Eg tenker at vi har to flinke og kapable leiarkandidatar. Eg støttar forslaget. Det er to kommunar som skal gå saman, og då er det viktig at det ikkje blir ei slagside. Det er indikert at Eid-rådmannen blir prosjekleiar, og då syns eg det er rimeleg at det er Selje-ordføraren som får leiarvervet, poengterte Siri Sandvik (Ap).

Men det var ikkje berre eidarane som ønskte å vere rause i forhandlingane.

Etter framlegget til Smenes vart det eit gruppemøte, før representantane gjekk til skriftleg val.

Osdal vart valt til leiar med elleve mot ei stemme. Bjørlo vart valt til nestleiar med elleve mot ei stemme. Osdal takka fellesnemnda for tilliten.

– Eg skal ikkje slutte å vere ordførar i Selje, men jobbe for Selje i fellesnemnda. Eg trur Alfred kjem til å gjere det same for Eid, sa Osdal.

På møtet vart det også valt ein prosjektleiar for fellesnemnda.

Krogsæter vart samrøystes valt til prosjektleiar for fellesnemnda. Eid-rådmannen vert tilsett i 50 prosent stilling frå og med 1. september 2017.

– Tanken er at dei ressursane vi får spart eller tilført kan brukast til å skaffe oss tilleggskompetanse slik at nokon kan avlaste rådmannen sine oppgåver, forklarte Krogsæter på spørsmål om korleis ho skulle vere rådmann i Eid samstundes som ho er prosjektleiar for fellesnemnda.