– Vi var spente på korleis salet ville gå før vi byrja, men no skal vi ikkje vere ferdige før 1. mai, så vi ser lyst på å få selt alle leilegheitene før overleveringa, seier prosjektleiar i UNU, Kent Rune Bugjerde.

– Vi har selt 24 leilegheiter til ein samla verdi av om lag 81 millionar kroner, legg han til.

Frå utsida ser ein at bygget har tatt form, og ifølge prosjektleiaren er det ikkje mykje som står att på fasaden.

– Utvendig står glasfasada utanpå trappeoppgangen att. Dette skal arbeidet skal vi ta til på i veke 2. I tillegg står sjølve parkeringsplassen igjen på utsida, men dette blir noko av det siste vi gjer før bygget er ferdigstilt, forklarar Bugjerde.

Innvendig er det leilegheitene øvst som er nærast fullført.

– Vi jobbar ovanfrå og nedover. I femte etasje er vi ferdig med måling og flisarbeidet. Her jobbar vi no med legging av parkett, og etter dette er det dører, listverk, kjøkkenmontasje og komplettering av tekniske fag, og så er desse leilegheitene klare. I fjerde etasje blir leilegheitene ferdig flislagt og målingsarbeidet går føre seg no, fortel prosjektleiaren.

Arbeidet med å klargjere bygget starta 14. juli 2015.

– Før vi i det heile tatt kunne byrje med byggearbeidet vart 3.500 kubikk avfall fjerna under rivingsarbeidet, fortel Bugjerde.

Bygginga starta i oktober/november same året.

– Tanken vår var å prøve å få til noko i sentrum. Bygget er absolutt ei oppgradering av sentrum, slår Bugjerde fast.

– Vi har kjøparar rundt 17 og 18 år og heilt opp til dei som nærmar seg 80. Folk vil gjerne ha det enkelt. Dei vil sleppe å male og slå plen, samstundes som dei ønskjer å bu sentralt, seier Bugjerde.