Vanylven helse- og omsorgssenter ein av dei fem beste institusjonane her i landet når det gjeld å skape gylne måltidsøyeblikk til bebuarane sine. Dei vert no heidra med diplom frå Landbruks-og matdepartementet for denne innsatsen.

Nyleg vart årets konkurranse avslutta. Vanylven helse- og omsorgssenter var blant fem finalistar i konkurransen. Til slutt var det Sundheim bo- og treningssenter som stakk av med førstepremien på 10.000 kroner.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal skriv på sine nettsider at kjøkkenet ved Vanylven helse- og omsorgssenter skaper gylne måltidsøyeblikk for om lag 120 eldre kvar dag. Dei fleste bur på institusjonen, men dei leverer også mat til eldre som bur heime eller på omsorgsbustadar. På omsorgssenteret er det både avdeling for friske eldre, pleie-pasientar og dementavdeling.

Alle finalistane vart vitja av ei arbeidsgruppe med representantar frå Forbrukerrådet, Pårørandeaksjonen og Landbruks- og matdepartementet. Stadane vart filma og samtalar med både tilsette, spesielt kjøkkensjefane, og bebuarar gav grunnlaget for å kunne danne seg et totalinntrykk. Juryen fekk all informasjon om kvar stad før jurymøtet, og filmar frå alle stadane blei vist og kvar institusjon vart debattert.

Juryen var samansett av: Statsråd i LMD Jon-Georg Dale, statssekretær i HOD Fredrik Wang Gierløff, direktør Randi Flesland i Forbrukerrådet, kokk Inge Johnsen frå Liantunet, Birgitta Fyrand frå Pårørandeaksjonen og Bård Hoksrud, Stortinget.