Iver Berget (93) frå Åheim er ein av dei som får servert maten ved Vanylven omsorgssenter som er med i finalen i kåring av beste institusjonsmat i landet.

– Eg likar best kjøtsuppe, ball og god fisk. Vi får frukost, middag, ettermiddagskaffi med noko attåt, og kvelds. Stort sett er maten god. Og du kan godt seie at vi får litt ekstra, seier Iver Berget.

Mat til 120 personar

93-åringen bur på Vanylven helse- og omsorgssenter saman med kona Marie. Institusjonen opna for litt over to år sidan, og er topp moderne. Kjøkenet, der åtte-ni personar pluss ein lærling jobbar med matlaging, har alle fasilitetar ein måtte ynskje seg.

Yt det vesle ekstra

Det var kommunalsjef Arnhild Nordaune som tok tak då invitasjonen frå Landbruks- og matdepartementet om å delta i konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk» kom. Ho gjekk til avdelingsleiar ved kjøkenet Sonja Riste.

– Og vi prøvar å yte litt ekstra. Det er ikkje overdådig med dyre råvarer, men vanleg mat som er godt tillaga og servert med hjartelag, seier kokk Hanne Øren, og fortset:

– Vi lagar all maten frå botnen. Alt av brødmat blir baka her, det trur eg ikkje er så mange andre som gjer, seier Øren.

Duk og glas med stett

Døme på det vesle ekstra, for bebuarane på omsorgssenteret, kan vere duk på bordet og ein bukett friske markblomster i ein vase.

Til søndagsmiddagen kan bebuarane drikke frå glas med stett. Laurdagskvelden er det alltid litt ekstra, til dømes egg og bacon. Og ligg vêret til rette, blir det stundom skipa grillfest.

Tilpassar mat etter sesong

Ved helse- og omsorgssenteret i Vanylven er ein oppteken av å bruke råvarer etter sesong.

– Vi er opptekne av å tilpasse oss sesongane. No er det til dømes mykje friske grønsaker, då har vi laga blomkålsuppe. Er det fint vêr, kan vi grille. Og nyleg hadde vi nytrekt makrell. Vi prøvar å variere, for det kan vere eit problem at ein serverer opp att same menyen heile tida, seier kokk Hanne Øren.

– Ja, målet med anbodsutsetting er å få det billigast mogleg, då går det fort ut over kvaliteten. Vi kuttar kostnader og effektiviserer her også, men det blir fleire og fleire eldre å lage mat til.

Vil betre matomsorga

Risiko for underernæring blant institusjonsbuarar er bakgrunnen for at styresmaktene har starta konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk».

Denne gjengen hadde ansvaret på kjøkenet då vi var der. Frå venstre Charlotte Rimstad, Ingvild Thue Hvattum, Reidun Moltubakk, Håvard Drage Sørdal og Hanne Øren.

Konkurransen er eit ledd i arbeidet til regjeringa med å betre matomsorga på alle norske sjuke- og aldersheimar. Tanken er at konkurransen skal skape engasjement rundt gode måltid for pleietrengande og bidra til auka involvering av bebuarane.

Ifølgje heimesida til regjeringa er det fem finalistar som har utmerka seg blant dei om lag 200 alders- og sjukeheimane som deltek i konkurransen i 2016. Dei fem har alle oppnådd 74 poeng eller meir av 80 mulege, på bakgrunn av spørjeskjemasvar.

Tema for samtalane vil mellom anna vere mat, matglede, tilrettelegging av mat og måltid, bruk av lokale råvare og heilskapleg kvalitet.

I finalen vil alle dei fem finalistane stille likt. Premien er på 10.000 kroner.